Hopp til innhold

Turistnæringa fryktar eurokrisa

Konsulentselskapet Horwath HLT fryktar at den økonomiske uroa kan gå hardt utover reiselivet på Vestlandet i år.

Flåm stasjon med turistar

UVISS: Det er uvisst korleis finanskrisa i Europa vil råke reiselivsnæringa på Vestlandet.

Foto: Merete H. Høidal / NRK

På grunn av den eurokrisa i sør-Europa, er reiselivet spente framfor årets turistsesong.

Per-Erik Whinter i konsulentselskapet Horwath HLT, fryktar at den økonomiske uroa kan gå hardt utover reiselivet i ein landsdel som tradisjonelt har mykje utanlandsturar.

– For Vestlandet er det spanande no. I og med at det er så stor uvisse om korleis trafikken blir frå Europa. Spesielt sør-Europa, seier han.

Betre enn frykta

Sigurd Kvikne

SPENT: Sigurd Kvikne.

Foto: Steinar Lote / NRK

Krisa har råka mange av landa som er viktige for den norske reiselivsnæringa om sommaren. Også i fjor var det uro, sjølv om sesongen ser ut til å ha gått betre enn frykta.

I Solvorn hadde til dømes ærverdige Walaker hotell sitt beste resultat på 371 år.

I Balestrand opplevde Kvikne's hotell vekst i tal utanlandske turistar, etter fleire års nedgang på grunn av finanskrisa.

– Uroa i Europa for tida gjer at vi er spente på kva som skjer med ein del gjester frå Europa. Slik var det også med Spania i fjor, men så vart det slik at det auka med spanske gjester frå Vestlandet, seier direktør Sigurd Kvikne.

– Fleire bein å stå på

Richard Grov

SPENT: Richard Grov.

Foto: privat

Ved Alexandra hotell i Loen er direktør Richard Grov spent optimist. Han seier fjoråret vart bra, og at også dei har ein auke i talet på turistar frå andre verdsdelar enn Europa.

– Vi har alltid prøvt å leggje opp strategien vår etter å ha så mange bein å stå på som mogleg. Vi er veldig glad for den utviklinga på utanlandsmarknaden spesielt i fjor med sterke tal frå land som Brasil, austen, USA og Spania, seier han.