Hopp til innhold

Stryne-gründerar gir nytt liv til gamal teknologi

Nisjen er smal, men marknadspotensialet gedigent. No står gründerane bak Droneservice AS i posisjon til å vinne 100.000 sårt trengde kroner.

Droneservice

NOMINERTE: Hans Olav Bøe og Arne Hjelle Strand står saman med Hans Ørjasæter bak stryneverksemda Droneservice.

Foto: Inge Fænn

Stryneverksemda er ei av fem nominerte til årets gründerpris i Sogn og Fjordane. No er det opp til lesarane å avgjere kven som fortener prisen – og 100.000 kroner.

Hans Olav Bøe, Arne Hjelle Strand og Hans Ørjasæter er stryningane bak Droneservice.

– Pengane skal nok få bein å gå på. Vi treng mykje kapital, for det er dyrt utstyr. Det viktigaste er likevel at nokon trur på oss, seier trioen.

Fjernar risiko

Trioen har spesialisert seg på inspeksjon av høgspentliner med fjernstyrt helikopter og HD-kamera .

Eit arbeid som i dag vert utført anten ved å klatre opp i pålane, eller frå verkelege helikopter. Med fjernstyrte helikopter, eller dronar, treng ein ikkje lenger sveve over skog og høgspentlinjer under inspeksjonen.

Droneservice

ÅLEINE: Droneservice er så langt åleine i marknaden dei vil operere i.

Foto: Ole Anton Brekke

– Ein kjem nærare komponentane og får betre biletkvalitet enn det vi har i dag. Så har du også miljøaspektet med mindre støy og ingen Co2-utslepp, du skremmer ikkje så mykje dyr og du kan fly meir i tettbygde strok utan å vere til sjenanse, fortel trioen.

No startar salet

Gjengen bak Droneservice har så langt ingen konkurrentar, men utviklingsarbeidet har så langt ikkje generert dei store inntektene.

Når dei no skal i gang for alvor med å skaffe seg oppdrag, ser dei utsikter for utviding av både arbeidsstab og helikopterpark.

– Vi har jobba i to år utan å ta ut ei krone i løn, men marknadspotensialet i Norge er ein milliard kroner over ti år. No er produktet klart og vi skal i gang med salsprosess mot alle energiverk, seier dei.

Eitt fokus

I tillegg til hovudmarknaden, som er energibransjen, ser gründerane potensial i fleire sekundære marknader.

Andenæs, Flatland

HAR TRUA: Arvid Andenæs og Halvor Flatland i juryen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Juryen, samansett av Innovasjon Norge-sjef Halvor Flatland, Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke og administrerande direktør Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane, trur Droneservice gjer rett i å byggje stein for stein.

– Det er store og mektige kraftselskap. Å gjere jobben skikkeleg for nokre få til å begynne med er den beste marknadsføringa ein kan få, seier Andenæs og meiner berre fantasien set grenser for kva teknologien kan nyttast til.

– Veldig mykje rett

– Dei har gjort veldig, veldig mykje rett. Noko av det viktigaste framover er å halde seg oppdatert på teknologien. Den går rasande fort. Dei må ha fokus på kvar dei vil og kva dei opererer mot, legg Flatland til.

Innovasjon Norge-sjefen er over seg av det innovative aspektet ved Droneservice.

– Kjent teknologi i bruk på nye område er innovasjon meir enn god nok i mine auge. Det kjekt er at det er ungdom som har kompetanse, og som satsar skikkeleg. Dei er framleis i ein tidleg fase, men eg har trua på dette, seier han.

– Utruleg spennande

Simen Staalnacke

NØGD: Simen Staalnacke.

Foto: Sandra Mei Ling Noer / NRK

– Det er eit utruleg spennande konsept. To energimontørar som startar selskap der dei brukar dronehelikopter med HD-kamera, som gjer at ein kan inspisere høgspentline på ein raskare, sikker og smartare måte, legg Staalnacke til og tykkjer det er ein stor fordel at trioen konsentrerer seg om ein marknad.

I Stryn konstaterer gründerane at juryen har trua på prosjektet deira.

– Det seier har gjort bra er det vi har hatt fokus på. Spesielt på ein bransje og ikkje henge seg opp i sekundærbransjane, avsluttar dei.