Hopp til innhold

Vil bli pionerar på inspeksjon av høgspentmaster

Med ei såkalla drone håpar to unge karar frå Sogn og Fjordane på å revolusjonere måten norske energiverk kontrollerer høgspentlinene sine for feil.

DRONE

DRONE: Her er ei såkalla drone i full aksjon med å ta bilete.

Foto: Ole Anton Brekke

Etter å ha sett seg leie på tungvinte måtar å gjere såkalla toppbefaringar av høgspentliner bestemte Arne Hjelle Strand og Hans Olav Bøe seg for å gjere noko med saka. Saman har dei to, som begge er energimontørar, investert nærmare ein halv million kroner i Droneservice As.

Såg seg leie på tungvinte metodar

I dag er det tre måtar å gjere ei toppbefaring av høgspentmaster. Alternativ ein er å bruke eit fullskala helikopter til å ta bileta og dei to andre alternativa må gjerast manuelt med eller utan spenning på lina.

Drone

STYRING: Arne Hjelle Strand har full kontroll over den vesle drona på 4.5 kg.

Foto: Ole Anton Brekke

Hjelle Strand og Bøe har begge fått erfare kor tungvint det er med dei to siste alternativa, men Hjelle Strand meiner også at fyrste alternativet der ein brukar helikopter ikkje er den ideelle måten å gjere det på.

– Fordelen med drona er at den i motsetning til eit fullskala helikopter genererer mykje mindre støy og kan gå enda nærmare kraftlina der det er høg skog rundt. Med drona som er drive elektrisk vil også miljøet tene på dette.

Snerten, liten sak

Drona som på mange måtar kan likne litt på ein UFO har fire rotorar, er 120 cm frå rotor til rotor, er elektrisk drive og veg ikkje meir enn 4.5 kilo.

– Den kan i tillegg løfte ca. 1.5 kg og har ei batterilevetid på omtrent ein time, fortel Hjelle Strand.

– Men vil ei slik drone gjere ein like bra og nøyaktig jobb som der folk går opp og sjekkar manuelt?

– Vi meiner det at dei bileta vi tek vil gje eit minst like godt resultat som ved manuell inspeksjon der to fagfolk må klatre og inspisere med spegel dersom ein gjer det med spenning på linja. Eventuelt må ein ta strømmen på linja og så klatre opp, men begge desse måtane er svært kostbare for energiverka, seier Hjelle Strand.

Drona kan også brukast til langt meir enn berre toppbefaring av høgspentmaster, fortel Hjelle Strand.

– Vi har brukt den til å ta bilete for planlegging av framtidige hyttefelt. Vi har også filma og tatt bilete for skisenteret i Stryn og no ser vi også på moglegheita for å lage 3D-modellar av bilete tatt ifrå lufta.

(Artikkelen held fram under biletet)

Drone tek bilete

I LUFTA: Her fotograferer drona Strynsvatnet frå lufta.

Foto: Droneservice As

Krev kontroll av linene

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap krev at det skal gjerast ein inspeksjon frå oversida av kvar høgspentmast minimum kvart tiande år for å kontrollere det som ikkje er synleg frå bakken.

No har dei to karane starta eit utviklingsprosjekt saman med Stryn Energi As der dei skal ferdigutvikle denne nye metoden for toppbefaring i Noreg.

– Vi skal no utføre komplett dokumentasjon av fire mil med høgspentliner, så det er enda i utviklingsfasen, men målet er å etter kvart kunne tilby desse tenestene til heile landet, fortel Hjelle Strand.

Håpar å vere klar i løpet av våren

Det håpar dei to gründerane at dei kan vere klare til å gjere allereie ein gong i løpet av våren.

– Vi må gjere ferdig utviklingsprosjektet med Stryn Energi og få det evaluert til å vere minst like godt som tilsvarande produkt og då er vi klare til å setje i gong.