Hopp til innhold

Høgsterett slår fast: Staten braut menneskerettane til tre innsette i Bergen fengsel

Bruk av kroppsvisitasjonar mot tre innsette i Bergen fengsel var i strid med både menneskerettane og Grunnlova. Det slo Høgsterett fast i dag.

Bergen fengsel

Tre fangar vart utsett for omfattande nakenvisitasjonar. I strid med menneskerettane, slo Høgsterett fast i dag.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Høgsterett har i storkammer behandla om omfattande kroppsvisitasjonar på tre innsette i Bergen Fengsel var i strid med menneskerettane og grunnloven.

Og rett før klokka 9 slo dei dette fast.

Behandlinga dei innsette fekk var i strid, både med den europeiske menneskerettighetskommisjon (EMK) artikkel 3, og Grunnlova § 93, andre ledd.

– Mine klientar er letta over at ein fire år lang kamp er over. No kan me fokusera på det som var det opphavelege grunnlaget for søksmålet. Nemleg om dei har rett til erstatning, seier advokat Maria Hessen Jacobsen som har representert dei tre innsette i saka.

Dei følgde alle opplesinga av dommen i Oslo fredag.

Krass kritikk av Bergen fengsel

Erstatningsspørsmålet no skal vurderast av Høgsterett i mai.

– Det er ingen automatikk i at dei skal ha erstatning, trass i at det er brot på menneskerettane, seier Hessen Jacobsen.

Høgsterett meiner rutinane til fengselet for nakenvisitasjonar stod fram som både rigide og udifferensierte, og at dei gjekk utover verdigheita til dei tre innsette.

«Samlet sett var de rutinemessige kroppsvisitasjonene, også i antall og innhold, egnet til å vekke en vedvarende følelse av ydmykelse og mindreverdighet utover det som soning av fengselsstraff nødvendigvis er forbundet med. De tre innsatte ble følgelig utsatt for nedverdigende behandling i strid med EMK artikkel 3, » heiter det i dommen.

– Eg er glad for at den øvste rettsinstansen i Noreg er så tydeleg. Dette er viktig og fint for ein moderne rettsstat, seier Hessen Jacobsen.

Har lov å kroppsvisitera

Tidlegare har Oslo tingrett og lagmannsretten slått fast at måten dei vart behandla på var i strid med menneskerettane.

I tingretten kom det mellom anna fram at ein av dei kvinnelege innsette fekk beskjed om å ta ut ein tampong, under menstruasjonen, medan ein av betjentane såg på.

I Høgsterett meiner dei fengselet har rett til å ta omsyn til tryggleiken i fengselet, og mellom anna forhindra både narkotikabruk og smugling av gjenstandar inn og ut av fengslet.

Og at dei difor kan bruka kroppsvisitasjonar, med så kalla knebøy.

Men, dette må verta vurdert opp mot dei innsette sin verdigheit.

Dei tre personane er også tilkjent erstatning etter behandlinga dei fekk.

MDG: Ein siger for menneskerettane

Men både dette, og brotet på menneskerettane, er anka av staten.

No er eitt av spørsmåla avgjort.

Justispolitisk talsperson i MDG, Oda Sofie Pettersen, meiner dommen er ein siger for menneskerettane.

– Praksisen med kroppsvisitasjon i Noreg har lenge vore ekstremt krenkande for enkeltmenneska som har opplevd det, men også for rettstryggleiken i stort. Dette har me fleire døme på, seier ho.

Bergen fengsel har førebels ikkje svart på NRK sine spørsmål.