Hopp til innhold

Liv Signe Navarsete vil ikkje ta standpunkt til E39 mellom Eid og Volda no

Spørsmålet om kvar Liv Signe Navarsete meiner E39 skal gå vidare frå Lote til Volda kom i fokus då NRK Sogn og Fjordane onsdag inviterte lyttarane til å stille spørsmål om framtidig E39 i Nordfjord.

Liv Signe Navarsete

VIL VENTE MED STANDPUNKT: Liv Signe Navarsete, leiar i Senterpartiet.

Foto: Marte Halsør / NRK

I 17 alt innringarar kom på lufta med spørsmål og meiningar, i tillegg kom det 33 e-postar og 19 sms-ar med innspel om kvar E39 skal krysse Nordfjorden. Eit stort fleirtal av dei som melde seg var nordfjordingar.

Liv Signe Navarsete og Bjørn Lødemel

PÅ KVAR SI SIDE AV BORDET: Liv Signe Navarsete (Sp) og Bjørn Lødemel (H).

Foto: Marte Halsør / NRK

Sp-leiar Liv Signe Navarsete og stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre sat i studio i Oslo, medan stortingsrepresentant Ingrid Heggø frå Arbeidarpartiet var i studio i Førde.

Ingrid Heggø i studio

I STUDIO I FØRDE: Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap).Til venstre produsent i sendinga, Rolf Sanne-Gundersen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Held meg til fylkestinget

Liv Signe Navarsete vart av Ingrid Heggø skulda for å ha skifta standpunkt om kvar E39 skal gå vidare mellom Lote og Volda. Men Navarsete sa at ho slett ikkje har teke standpunkt i dette spørsmålet.

– Eg held meg til det fleirtalet i fylkestinget gjekk inn for: Kryssing av fjorden med bru mellom Anda og Lote og opprusting av vegen mellom Byrkjelo og Anda. Fylkestinget har ikkje sagt kvar vegen skal gå vidare. Stigedalen er eit alternativ, men det er og eit alternativ at ein har E39 i ein arm til Stryn. Eg meiner uansett at Kviven skal vere ein del av E39.

Dette vegvalet vidare har Navarsete altså ikkje konkludert på, seier ho.

– Fordi dette ikkje har den store hasten. Det som er viktig no er å få gjort vedtak om bru i ei pakke der indre Nordfjord kjem vel ut. Olden-Innvik er kjempeviktig, og Strynefjellet bør og hektast på.

Bjørn Lødemel

PRESSA NAVARSETE: Bjørn Lødemel (H).

Foto: Marte Halsør / NRK

Bjørn Lødemel prøvde å presse Navarsete på spørsmålet om kvar vegen skal gå mellom Lote og Volda, men ho stod fast på at ho ikkje ville konkludere der. Ho meiner at fylkestinget bør ta ein ny runde på dette seinare.