Hopp til innhold

Ho har venta på mottak i fem år: – Vi lever fysisk, men døyr innvendig

FØRDE (NRK): Like lenge som den fem år gamle dottera har levd, har Yemsnach Amere frå Etiopia venta på svar om ho får bli i Norge. Men på Bergum asylmottak i Førde er ho berre ein av fleire triste skjebnar.

Yemsnach Amere

LIVET PÅ VENT: Yemsnach Amere (25) fryktar tortur dersom ho blir sendt tilbake til heimlandet Etiopia.

Foto: Bård Siem / NRK

Førde asylmottak

TRASIG: Mottaksleiar Andrew Hawks synest det er trasig å sjå at mange i årevis blir gåande og vente på mottaka.

Foto: Bård Siem / NRK

Medan utmatta og krigstrøytte syrarar strøymer til Europa og Norge i hopetal, sit det tusenvis av menneske på norske asylmottak og ventar. Mange av dei har venta i fleire år.

Andrew Hawks, dagleg leiar ved asylmottaket i Førde, synst situasjonen er tøff.

– Det er ikkje godt å sjå folk som har det svært vondt, seier han.

Fryktar tortur etter regimekritikk

Enkelte har fått endeleg avslag og berre ventar på å bli sende ut med tvang. Andre har fått innvilga asyl, men ventar på å få flytte ut i ein kommune. Atter andre ventar på den endelege behandla av asylsøknaden.

30 år gamle Yemsnach Amere og dottera hennar er i den siste kategorien. Amere fortel at ho engasjerte seg i ein regimekritisk organisasjon i heimlandet. Dette gjer at ho er i stor fare for fengsel og tortur dersom ho må reise heim igjen.

– Eg kan ikkje reise heim igjen og har framleis eit håp om å få bli i Norge, fortel den 30 år gamle kvinna.

Tårane renn nedover kinnet. Ho har fått avslag på asylsøknaden fleire gonger og ei siste ankebehandling er på gang.

– Vi lever fysisk, men døyr innvendig, seier ho.

Fatemeh Aslrousta

– VI ER ALLE MENNESKE: Fatemeh Aslrousta (49) frå Iran kjem med ein varm takk og fortel ho har vorte godt motteken i Førde. Samtidig minner ho folk flest om at også asylsøkjarar er menneske med kjensler og draumar.

Foto: Bård Siem / NRK

Ber om hjartevarme

Fylkesleiar i Norges Raude Kross, Synnøve Sande, ber om at både dei som allereie er på asylmottak i Norge og alle syrarane som er på veg til landet, må møtast med hjartevarme.

Synnøve Sande

OPPMODAR TIL INNSATS: Fylkesleiar i Norges Røde Kors, Synnøve Sande, oppmodar folk til å møte flyktningar og asylsøkjarar med hjartevarme.

Foto: Bård Siem / NRK

– I Røde Kors har vi eit mandat som går ut på å avdekke, hindre og lindre nød. Der det finst hjarterom finst det også husrom, seier ho.

Mottaksleiar Hawks fortel at mange har ønska å gje klede og andre gåver til asylmottaket, noko han er takksam for. Men det er ikkje plass til å ta imot meir.

– Det asylsøkjarane treng aller mest er å bli kjende med nordmenn, slik at dei blir betre integrerte. Ta kontakt og prøvd å bli kjend med asylsøkjarane. Be dei med på fotballtrening og fjellturar, er oppmodinga frå Hawks.

Treng hjelp til å ta seg av sjuk baby

På ein annan stad ved asylmottaket møter vi ein eldre eritreisk mann og ei ung eritreisk kvinne med ein baby på armen. Babyen er psykisk utviklingshemma og kvinna treng hjelp til å ta seg av barnet. Kvinna snakkar ikkje norsk, og den eldre mannen prøvar å hjelpe henne.

– Ho treng hjelp til å ta seg av babyen og treng ein annan stad å bu enn asylmottaket. Eg håper nokon vil gje ho husrom ute i ein kommune, seier han.

baby og kvinne frå Eritrea

TRENG HJELP: Mora frå Eritrea treng hjelp til å ta seg av den psykisk utviklingshemma sonen sin. Men det er så langt ingen norske kommunar som har plass til henne.

Foto: Bård Siem / NRK