Hopp til innhold

Vil ha ordførardugnad for mottak av fleire flyktningar

Både frå Eid og Flora kjem det no forslag om å nytte fritidsbustader, hotell, hytter, skular og gamle gardsbruk for å kunne ta imot fleire flyktningar.

Sissel Ommedal og Torleif Jacobsen

ORDFØRARDUGNAD: KRF sin ordførarkandidat i Eid kommune, Sissel Ommedal, jublar over Thorleif Jacobsen sin idé om ein ordførardugnad for å finne husrom til fleire flyktningar.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Vi må analysere kvar enkelt kommune, og finne ut om det finst husrom. «Har vi pensjonat, har vi hotellrom, hus, skular, og slike ting vi kan bruke?» Det finst løysingar.

Det seier naturvernaren og humanisten Torleif Jacobsen frå Eid. Han ser svært alvorleg på den internasjonale flyktningkatastrofen som no grip om seg, og vil ha strakstiltak lokalt og regionalt for å kunne ta i mot fleire flyktningar.

Også fritidsbustadar og nedlagde gardsbruk må vurderast som husrom for flyktningar, meiner Jacobsen.

– Det er godt mogleg. For no legg vi ned to bruk kvar dag. Dei fleste hyttene står også tomme på denne tida av året.

Vil ha ordførardugnad

Jacobsen lanserer ideen om at ordførarane i Sogn og Fjordane går saman og diskuterer seg fram til ei løysing for å ta i mot fleire flyktningar. Forslaget blir møtt med jubel av Kristeleg Folkeparti.

– Det utspelet høyrest heilt fantastisk ut. Det er ein kjempegod ide at ordførarane går saman og gjer ein dugnad på dette, seier partiet sin ordførarkandidat i Eid kommune, Sissel Ommedal.

Ho vil no fronte denne saka inn i valkampen, både lokalt og på fylkesplan innan KrF.

– Situasjonen som vi høyrer om ute i verda er veldig alvorleg. Vi bør vise medkjensle og ta i mot fleire flyktningar. Eid kommune har teke i mot ein del flyktningar, kanskje mest i forhold til folketalet, men vi bør ta imot endå fleire.

– Er det rett å be folk bruke fritidsbustadane til slikt?

– Ein må snakke med folk om dette. Det er sikkert mange som ønsker å vere med på det, om det blir eit opplegg rundt det. Det trur eg.

Overskrift

Fyrstekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Flora, Martin Malkenes, har eit liknande framlegg.

Martin Malkenes, leiar, MDG Flora

MDG: Martin Malkenes

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Vi må innsjå krisa vi er i, og gjere tiltak ut ifrå det. Vi har ei rekkje grendeskular som står tomme. Kanskje kan vi få grendene til å ta ansvar og ta imot ein familie. Vi har sjukehuset som eit veldig bra alternativ.

– Er det rett å sende flyktningar til utkantane?

– Det er rett å sende folk dit dei er trygge. Eg trur ikkje dei har nokre preferansar. Dei har lyst å kome seg i tryggleik, seier Malkenes.