– Eg blir så lei av at telefonen skal brukast til alt. Nokre gongar er det godt å legge han vekk, seier Marie Tufte Kvisgaard (52).
Ho er av dei som synest Tekst-TV er den beste kjelda til nyhende.
2. februar 1983 vart NRK Tekst-TV lansert etter stortingsvedtak i april året før.
Sakna Tekst-TV
– Tekst-TV er det einaste eg har sakna ved å ikkje ha TV - og så finst det jammen på nett!
Signhild Stave Samuelsen (34) har ikkje hatt TV på ei stund. For kort tid sidan oppdaga ho at Tekst-TV finst på internett.
– Frå eg var lita ville eg helst ha nyhenda på Tekst-TV. Der kunne eg lese nyhende i ro og mak, utan dei brutale bileta som var på TV.
Nye rutinar
I havet av moglege kjelder til nyhende på nett føretrekkjer Stave Samuelsen no Tekst-TV i nettlesaren.
- Det er nok ei blanding av nostalgi og at nyhendeoppslaga er i konsentrert form. Det gjer det lettare å bli raskt informert, seier lektoren.
Kollegaer syntest det var rart då dei såg Tekst-TV på nettbrettet hennar. Det får dei berre meine.
- Nyhende på Tekst-TV har igjen blitt ein naturleg del av dagen. Og side 199, sjølvsagt, ler trettifireåringen.
Masar ikkje
Tekst-TV revolusjonerte formidlinga av nyhende. Tekst-TV var det første mediet som ikkje var avhengig av faste tidspunkt for sending og publisering, slik det var i radio, fjernsyn og aviser. Ferske nyhende når vi sjølv vil, er vi seinare blitt vande med. Trass i at ho har både smarttelefon, nettbrett og datamaskin med internett brukar Tufte Kvisgaard Tekst-TV på TV.
Brukar eg telefonen til å lese nyhende blir eg ofte avbroten av meldingar og oppdateringar. TV er roleg og masar ikkje på meg.
Nedgangstider
Minstemann i huset er tretten år. Han forstår ikkje kvifor mamma brukar Tekst-TV, sjølv om ho forklarar at det er ein rask og fin måte å bli oppdatert på.
For både Stave Samuelsen og Tufte Kvisgaard er roa og den enkle framstillinga viktig. Dei er ikkje aleine, men dei siste åra har tal brukarar stupt. I toppåret 2005 brukte ein tredjedel av innbyggjarande Tekst-TV dagleg. I 2017 sa berre sju prosent det same.
- Det er framleis ein del, særleg eldre, som brukar og set pris på Tekst-TV, men slik utviklinga har vore er det vel berre eit tidsspørsmål om kor lenge det kjem til å vare. Tekst-TV rekrutterer ikkje nye brukarar, seier analysesjef i NRK, Kristian Tolonen.
- Les også: Tekst-TV 30 år
- Sjå og: "Lisenskontrolløren" sitt innslag om Tekst-TV
Prøv vår vesle Tekst-TV-kviss