Hopp til innhold

Ho blei beste boksar

12 år gamle Oline Stigen Sørensen frå Aurland tok i helga NM-gull for ungdom. Under meisterskapen blei ho også kåra til beste boksar uavhengig av vektklasse. Ho kjem frå ein aktiv boksefamilie, og pappa Reinhardt Sørensen seier han blei stolt å då ho vann forbundspokalen.

– Det er stort, og ho går i søstera sine fotspor som vann forbundspokalen for junior tidigare i år. Dette betyr mykje for boksemiljøet i Aurland. Vi satsar, og det har gjeve resultat, seier han.

Oline Stigen Sørensen
Foto: Privat