– Det ser fantastisk ut. Det er mykje folk som går i land og eit yrande folkeliv, seier driftsleiar Sølve Oldeide i Nordfjord hamn.
Tre cruiseskip og ein stor yacht la til ved Olden og Loen i Nordfjord onsdag for å besøkje dei to vesle bygdene. Her bur det vanlegvis om lag 1000 personar i dei to sentera.
Passasjerane kjem frå fenderbåtane og går i land til bussar som tek dei med på utflukter, og nokre ruslar i sentrum.
– Til saman er det snakk om 8840 passasjerar og eit mannskap på 2725, så totalt er det om lag 11.500 personar frå desse båtane. Det har aldri skjedd tidlegare, så dette er ein rekorddag.
Mange skal på utflukt
Oldeide seier det har blitt jobba hardt for å få så mange cruisebåtar til å kome til Nordfjord.
– Vi har ein fantastisk logistikk. Dette er bygd opp over mange år, med eit apparat som er flinke til å ta hand om gjestane. Det er profesjonelt og fungerer veldig bra.
Det har vore storinnrykk til attraksjonane i Nordfjord. Det er 80 bussutflukter i løpet av dagen. Mange av dei går til den kjende Briksdalen.
Populære bilar
Her sydar det av liv. Gjennom bruset frå store Briksdalselva kan ein høyre både spanske, franske, tyske, britiske og koreanske gloser om kvarandre. Titals bussar går i skytteltrafikk på den smale vegen gjennom dalen og slepp av hundrevis av turistar.
I over 100 år har turistar kome for å sjå på Briksdalsbreen. Denne augustdagen er likevel av dei aller mest travle, for i tillegg til cruisepassasjerane er her også svært mange andre tilreisande.
Målbevisste cruisepassasjerar går rett mot stien, eller den førehandsbestilte trollbilen, med Briksdalsbreen som endestopp.
Onsdag hadde dei 40 grupper som hadde bestilt bilar opp til breen. Bjarte Haugen i Oldedalen skysslag sende av garde ei gruppe gjester frå cruiseskipet Ventura.
– Der for det av garde 12 bilar, seier han.
Haugen fortel om ein helt fantastisk sommar for turismen.
– Det har vore enormt mykje folk her. Sommaren har nok ikkje vore så bra for breen, for på grunn av varmen smeltar den.