Hopp til innhold

Museumsgjenstandar står uforsvarleg lagra: Her har de laga eit eige hus for tinga

Norske museum lagrar over 20 millionar gjenstandar og over halvparten av dei er lagra slik at dei står i fare for å forsvinne. I Vestland håpar dei at redninga er klar.

Magasin.Kaupanger.080224

TING: Stablane med gjenstandar i kjellaren hjå De Heibergske Samlinger i Kaupanger står tett i tett.

Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK

Ved folkemuseet i Sogn tek dei vare på ting frå midten av 1800-talet og til i dag.

Nede i magasina ligg folk sine gamle staurar og kjøkkenbord, utdaterte uniformsluer og dukar spreidd utover golva og stabla opp langs veggane.

Her samlar dei inn alt mogleg av ting frå folk sitt liv og har med åra fått inn så mange gjenstandar at dei må leige plass for å kunne lagre dei.

Dette er ikkje utan risiko, då fukt i lufta, romtemperatur, støv og skadedyr kan vera farlege for gamle og skjøre ting.

I 2021 var det på landsbasis meir enn 11 millionar gjenstandar som stod lagra på ikkje-tilfredsstillande vis.

Ved Universitetsmuseet i Oslo var berre 11 prosent av gjenstandane lagra på ein tilfredsstillande måte.

hagasin.heiberg.060224

Godt gøymd måleri.

Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK

Løysinga

Men Musea i Sogn og Fjordane håpar dei å betre tilhøva. I februar opna dei Tinghuset.

Eit spesielt tilpassa bygg, med varme- og kjølerom for desinfisering, breie, trygge hyller i tørre, tempererte og gnagarfrie rom, der dei skal lagre gjenstandar frå heile Sogn og Fjordane i lang tid framover.

Dette har opna for at ein ved De Heibergske Samlinger endeleg kan få ei oversikt over kva ein har teke inn. De Heibergske Samlinger er ein del av Musea i Sogn og Fjordane.

– Det vil jo ta mange år å få overblikk over alt, men når vi nå er komne i gang så vil vi jo få ei idé over kva det er vi har og i større grad kven det er vi er, seier Therese Nesset, førstekonservator ved De Heibergske Samlinger.

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery legg inn den første gjenstanden i det nye "Tinghuset" i Angedalen

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery legg inn den første gjenstanden i det nye «Tinghuset» i Angedalen.

Foto: Fride Westvik / NRK

Usikker framtid

Liv Ramskjær i Noregs museumsforbund fortel til NRK at dei ser positivt på det som no skjer i Vestland, men seier òg at om staten ikkje gjer noko, vil det få konsekvensar.

– Det vil jo svekka verdien av samlingane og kan verste fall føre til at viktige gjenstandar blir øydelagde.

Ramskjær meiner at Tinghuset er resultat av ein trend som starta tidleg på 00-talet og peiker på ei rekke ulike prosjekt rundt om i landet, mellom anna i Nordland og Trøndelag.

Therese Nesset ved dei Heibergske Samlinger viser fram magasinet.

Therese Nesset viser oss rundt på magasinet.

Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK

På spørsmål om kvifor det har teke så lang tid å få det på plass svarer Ramskjær først lattermildt.

– Det må ein spørje dei som styrer midlane om.

Før ho viser til prioriteringar og manglande ressursar.

Hatt i magasinet til Dei heibergske samlinger i Kaupanger

Uniformslue på stabel med gamle blad.

Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK

Gamle synder, gode intensjonar

På Kaupanger blir Nesset spurt om dei har vore for lite kritiske til kva dei har teke inn tidlegare.

– Eg syns ikkje ein skal sitja og tenka på gamle synder ein har gjort seg skuldig i med gode intensjonar.

Nesset understrekar til slutt at dersom dei ikkje hadde teke inn når dei var i tvil, så kunne dei i første omgang ha gått glipp av gjenstandar og i andre omgang gått glipp av mykje kunnskap om kva system ein må ha på plass i slike tilfelle.

Opning av Tinghuset i Førde

Med det nye Tinghuset blir det orden på sakene.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK