Hopp til innhold

Her slepp få kvinner til

Berre tre av 23 artistar på Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid i sommar er kvinner.

Timbuktu på Malakoff

MANNSDOMINERT: Gruppa Timbuktu frå Sverige på scena på Malakoff. Over 85 prosent av artistane er menn.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

På rockefestivalar over heile landet vert kvinnelige artistar nedprioritert. Rockestjerna Iggy Pop kjem til Malakoff Rockfestival i sommar. Men festivalen har ikkje eit einaste kvinnelig trekkplaster.

Ane Kiran er leiar i organisasjonen AKKS, som jobbar for balanse i musikkbransjen. Ho meiner det er eit problem at det ikkje er fleire kvinner på festivalscenene.

Ane Kiran

– GÅR GLIPP AV MYKJE: Ane Kiran, leiar i AKKS.

Foto: AKKS

– Det går ut over publikum. Dei blir frårøva sjansen til å oppleve dyktige artistar. Og når vi berre inkluderer den mannlege delen av musikklivet går vi glipp av innmari mykje bra.

– Kan bli flinkare

Over heile landet ser ein færre kvinner enn menn på festivalscenene. På Malakoff Rockfestival er berre tre av 23 artistar kvinnelege.Då sett vekk i frå dei som spelar på NRK Sommarlutt.

Festivalsjef Arnt Ivar Naustdal seier dei vil ha kvinner på scena, men at dei ikkje vil kvotere dei inn.

– Vi har lyst til å booke dei banda som er aktuelle og som vi meiner passar inn i vår profil, og det må gå føre det at vi skal kvotere inn kvinner. Men eg er heilt samd i at vi og mange andre heilt sikkert kan bli flinkare til å få plass til kvinner.

Arnt-Ivar Naustdal

– IKKJE KVOTERING: Festivalsjef Arnt Ivar Naustdal på Malakoff Rockfestival.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Treng førebilete

Forskar Siri Øyslebø Sørensen ved NTNU meiner alle taper på at arrangørane ikkje har meir balanserte program.

– Musikkbransjen taper på det fordi dei går glipp av potensielt veldig mykje bra og ny musikk som kan lagast av kvinnelege musikarar. Di snevrare standarden blir sett for det som er det rette eller beste uttrykket, di mindre sjanse er det for nye og spennande ting.

Siri Øyslebø Sørensen

– VIKTIG MED ROLLEMODELLAR: Siri Øyslebø Sørensen.

Foto: May Reppen-Gjelseth / NRK

For å få eit mangfald på scena treng ein gode førebilete, meiner Sørensen.

– Rollemodellar er viktig for rekruttering, fordi det handlar om at ein ser noko ein kan identifisere seg med. Arrangørane har eit kjempeansvar.

– Berre å plukke

Hilde Bjørkum er styreleiar i Norske Festivaler, eit nettverk av over 70 festivalar. Ho er og sjef for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. Ho synest det er synd at kvinnene ikkje viser meir igjen på festivalscenene.

Hilde Bjørkum

– ANNLEIS PÅ FØRDEFESTIVALEN: Hilde Bjørkum.

Foto: Bent Are Iversen

– Det er berre å plukke blant det beste av begge kjønn. Viss ikkje går vi glipp av mykje. På Førdefestivalen er det litt annleis. Eg skal ikkje slå meg på brystet og skryte for mykje, for det er flest mannlege artistar til saman hjå oss og. Men bortimot halvparten av dei vi bookar har kvinnelege frontfigurar.

Ho meiner at ho som festivalleiar har eit samfunnsansvar.

– Vi får offentleg støtte, og vi må gripe det ansvaret. Innan folkemusikken har det dei siste 30 åra kome ei rekkje kvinnelege artistar, sjå på Sigrid Moldestad, Annbjørg Lien og Susanne Lundeng, fleire store rollemodellar.