Her skal Sankt Sunniva speide ut mot havet

Etter lang tids spenning er statuen av Sankt Sunniva endeleg sett på sokkel. No står ho på sin rette plass, meiner både kunstnar og prosjektleiar.

Statue av Sankt Sunniva

TUNGT: Det er ikkje snakk om småtteri når ein statue på 1450 kilo skal plasserast på sokkel. Då er det godt at kunstnaren og prosjektleiaren vart nøgd med plasseringa på første forsøk.

Foto: Stig Høynes

– Det var veldig kjekt å sjå at den kom på plass, og stod og speida utover mot Selja. Det var veldig spennande, seier prosjektleiar i Selje kommune, Bjørn Jensen.

Han var ein av dei som var med då statuen kom på sokkel på fredag. No står Sankt Sunniva tildekt inst i Seljevågen vendt utover mot havet. Laurdag 6. juli skal statuen avdukast.

Statuen er ei gåve frå Venner av Selja Kloster til kommunen.

Verdig plassering

Jensen fortel at det var eit tungt og spennande arbeid å få på plass statuen, men dei var så nøgd med plasseringa at det var ingen grunn til å flytte den. Han seier det gjev Selje verdigheit å ha fått Sunniva på plass.

– Eg ser det litt i samanheng med det arbeidet som er blitt gjort sidan Riksantikvaren sitt prosjekt starta på Selja. På ein måte så er det ei oppfølging og eit fint incitament vidare til å jobbe med både klosteret og verdiskapingsprosjektet, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Statue av Sankt Sunniva

FRAMTIDSRETTA: Her på Seljevågen speidar no St. Sunniva utover mot havet og mot Selja. Fleire stoppa opp på fredag for å sjå på statuen.

Foto: Stig Høynes

Trass i at statuen står tildekt no, har likevel fleire fått sett den, og førebels er det berre positive ting å høyre.

– Det eg har høyrt er udelt positivt. Eg høyrde ingen motførestillingar verken på utsjånad eller plassering. Det skulle vere ei dame som var sterk og framtidsretta, og det synest eg verkeleg kom på sin plass der ho står no, seier Jensen.

Spent på reaksjonane

Likevel er han spent på kva reaksjonar som kjem når Sunniva vert avdekt om litt over to veker.

Statue av Sankt Sunniva

DIRIGERER: Kunstnar Arne Mæland var på plass fredag for å sørge for at statuen vart plassert riktig.

Foto: Stig Høynes

– Det er klart det vert spennande. Det er alltid slik at nokon er for og andre i mot. Men vi gjekk for den der og då får vi stå for det. Folk er velkommen til å komme med kommentarar, men Sunniva er i alle fall komen på plass og det synest vi er heilt strålande.

Også kunstnaren Arne Mæland var spent på korleis den ærverdige statuen kom til å ta seg ut der den var tenkt å stå.

– Det er alltid spennande når du skal ha opp ein skulptur, og spesielt når den er så stor og visast såpass i terrenget. Men det gjekk veldig greitt, den står veldig hyggeleg der den står og ser utover mot Selja, så eg føler at den er på riktig plass, seier han.

– Eg har fått veldig gode reaksjonar så langt. Om det vert dei same reaksjonane når ho vert avduka så vert det veldig hyggjeleg.