Kloster på Selja held å bli gløymd - no skal det bli turistmagnet

For tusen år sidan var det Norges einaste pilegrimsmål og truande frå heile Europa kom hit. I dag er klosteret på Selje nærmast ei gløymt historisk perle.

Selje kloster

VIL LOKKE TURISTAR: Målet er at fleire vil ta turen ut til klosterruinane på Selja.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Bjørn Jensen

Prosjektleiar Bjørn Jensen håper folk som reiser langs kysten vil ta turen til Selja.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Både reiseliv og lokale styresmakter ynskjer få den historiske staden fram i lyset. Målet er at ein eigen pilegrimsveg skal hjelpe.

– Vi håper folk som reiser langs kysten stoppar opp og får med seg den opplevinga som er her. Dette var Norges eldste og einaste kvinneleg pilegrimsmål og vi håper folk vil ha dette som hovudmål eller som ein del av reisa mot Nidarosdomen, fortel prosjektleiar Bjørn Jensen for Selje kloster og helgenstad.

Rømde frå Irland

Klosteret på vestsida av Seljeøya er truleg den eldste kristne heilagstaden i Norge. Legenda fortel om den irske kongsdottera Sunniva, som saman med ein liten flokk rømde Irland då ein vikinghøvding ville gifte seg med henne. Dei rak i land på Selja og budde i bergholer.

Då Håkon jarl drog til øya for å drepe «inntrengjarane», rømde Sunniva med flokken sin inn i ein steinheller. Opninga rasa att bak dei, og irane vart levande gravlagde. Noko seinare fann kjøpmenn lysande og særs velluktande bein i hellaren, og tok dei med til kong Olav Tryggvason.

(Artikkelen held fram under videoen)

For tusen år sidan var det Norges einaste pilgrimsmål. 
Truande menneske frå heile Europa kom hit. I dag er klosteret på Selje nærmast ei gløymt historisk perle.

SJÅ TV-SAKA: Vil gjere klosterøy til turistmagnet.

– Ei flott oppleving å vere her

Jensen seier klosteret må sjå i ein kulturlandskap-kontekst, med Stad og havet.

– Det å komme hit og sjå eit slikt bygg må vere ei stor oppleving. Eg føler meg privilegert som får lov å jobbe med dette og då må det vere like stort å komme utanfor å sjå, seier han.

Målet er å gjere øya og klosteret meir kjent, og det skal utviklast nye tilbod rundt anlegget. I tillegg skal Selje kloster bli ein sentral del av ei kystpilgrimslei.

Ser eit enormt potensial

Rådgjevar Marta Sofie Grung Moe i Bjørgvin Bispedøme er glad for at Selja og klosteret igjen blir løfta fram.

– Det er på høg tid. Selja ligg med eit enormt potensial, både som pilegrimsmål og reisemål. Det ser vi med glede på, seier ho.

Prosjektleiar Bjørn Jensen kjenner historia godt på kroppen når han er på Selja.

– Eg kjennar krafta som ligg her. Den heng framleis att, seier han.