Hopp til innhold

Etterlengta statue har kome «heim»

I dag kom den mykje omtala statuen av St. Sunniva til Selje. Endeleg skal legenda få sin heidersplass i bygda.

St.Sunniva i kassen

SNART PÅ PLASS: Statuen ligg i denne store kassen. 6. juli er ho på plass på sokkelen sin og både Harald Myklebust og Gerd Kjellaug Berge gler seg. Biletet til høgre viser ein liten modell av statuen.

Foto: Birger Meland / NRK

Hotelldirektør Gerd Kjellaug Berge er ei av mange som har venta på den etterlengta statuen.

– No har vi venta på ho og segna kan leve vidare. Dette er eit viktig historisk augneblink, seier ho.

– Fantastisk i kvinneåret

Kassen med statuen har hatt ei lang reise frå Italia, men i dag var lastebilen på plass i Selje. Det knaka godt i kassen då den 1450 kilo tunge kassen skulle seinkast ned på vegen.

Innbyggjarane i Selje håper fleire skal bli lokka til kommunen. St. Sunniva har vore til inspirasjon, skapt kreativitet og er eit ikon.

– Det er litt av ei dame vi no får på plass i Selja. Det er fantastisk at vi i kvinneåret 2013 får statuen til bygda. Ho er ei av dei mest viktige kvinnene i Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under videoen)

Statuen av St. Sunniva kom til Selje, etter ei lang ferd frå Italia.

SJÅ VIDEO: I dag kom kassen med St. Sunniva til Selje. Det er mange glade for. Foto: Birger Meland, NRK

Får utsikt mot Selja og klosteret

Legenda fortel om den irske kongsdottera Sunniva, som saman med ein liten flokk rømde Irland då ein vikinghøvding ville gifte seg med henne. Dei rak i land på Selja og budde i bergholer.

Då Håkon jarl drog til øya for å drepe «inntrengjarane», rømde Sunniva med flokken sin inn i ein steinheller. Opninga rasa att bak dei, og irane vart levande gravlagde. Noko seinare fann kjøpmenn lysande og særs velluktande bein i hellaren, og tok dei med til kong Olav Tryggvason. Sunniva er den einaste kvinnelege helgenen i Norge.

Statuen av Sunniva skal setjast opp på torget rett framfor prestegarden og med utsikt med klosterøya. St. Sunniva er hogd på ein historisk stad, nemleg der David-statuen av Michelangelo blei laga. Det er bilethoggaren Arne Mæland som har stått for arbeidet.

Treng litt meir pengar

Gerd Kjellaug Berge seier dei nesten er i mål økonomisk.

– Vi manglar litt pengar, men vi har ein plan. Venner av Selje kloster har teke på seg ansvaret med å finansiere statuen.

Det var dei to karane Harald Myklebust og Gunnar Silden som kom på ideen om ein statue på torget.

– Eg tykkjer dette er artig at vi har kome så nær og det er ein gledens dag. Vi gler vi oss til pomp og prakt 6. juli når statuen skal avdukast, seier Myklebust

Trur på ein aura r.undt statuen

Ordførar Ottar Nygård seier det verkeleg er ei legende som skal stå inst på Seljevågen. Ho var ei stor, sterk og staut kvinne.

– Kva betyr det å få statuen på torget?

– Det betyr mykje fordi klosteret og helgen-anlegget har stått i mange år. Når vi får statuen her i tillegg, så har vi verkeleg sett eit punktum på historia. Det blir ein aura rundt ho og folk kan samle seg rundt statuen.

Nygård seier dette passar perfekt i forhold til arbeidet med å få fleire besøkjande til klosteret på Selja.

– Dette arbeidet kjem til å eskalere, både på grunn av statuen og på grunn av Stad skipstunnel og ringverknadane der. Vi kan seie det er reine hallelujastemninga i Selje no, ler han.

Her skal St. Sunniva stå

HER SKAL HO STÅ: Statuen får fin utsikt mot klosterøya Selja.

Foto: Birger Meland / NRK