Hopp til innhold

Sjølv om Christoffer var budd på det uventa, hadde han aldri venta dette...

Det som starta som dreneringsarbeid rundt Kaupanger Hovudgard, kan kaste nytt lys over fylkets einaste by i mellomalderen.

Arkeologisk utgraving i Kaupanger.

GJORDE FUNN: Oppreinsking av grøfta der vassleidningen skulle leggast. Framme står Asle Brune Olsen og Thomas Bruen Olsen frå Bergen Museum, deretter Christoffer Knagenhjelm og til slutt Glen Heine Orkelbog frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Privatfoto

For så fort grøftearbeidet starta på sørsida av Kaupanger-elva, byrja bygningsrestar å dukke opp . Spinnehjul, murar, stolpar, kokegrop og restar etter ein steinkjellar er noko av det som gøymde seg i jorda.

Det er også funne restar etter ei smie, ein bygning samt mykje restar frå smieaktivitet og keramikk. Alt truleg frå mellomalderen, eller 1600-talet.

Christen Knagenhjelm og Christoffer Knagenhjelm

FANTASTISK: – Det er nesten eit privilegium og kjempespennande å kunne ta del i dette. Alle arkeologar har ein draum, men det er ikkje alle som har ein bror som eig ein heil by, humrar Christoffer Knagenhjelm.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Sjølv om ein kan vente seg det uventa rundt Kaupanger hovudgard, så er dette eit uvanleg arkeologisk funn, strålar Christoffer Knagenhjelm om funna på familiegarden.

– Blant dei minste i Norge

Uansett alder, skildrar arkeologen det som eit spennande bidrag til historia om Kaupanger. Tettstaden ved Sognefjorden var i mellomalderen einaste by mellom Bergen og Borgund utanfor Ålesund.

  • Les også:
Arkeologisk utgraving i Kaupanger.

DOKUMENTERER: Thomas Brune Olsen dokumenterer steinkjellaren som vart avdekka ved Kaupanger Hovudgard.

Foto: Privatfoto

I motsetnad til byar med tilknyting til Konge og kyrkje, baserte aktiviteten her seg på entreprenørskap og regional handel. Knagenhjelm seier det er vanskeleg å anslå kor mange som budde i Kaupanger.

– Det kan ha vore alt frå 50 til 500 personar. Det var ein liten by, og blant dei minste i norsk målestokk også. Men det er aktivitetane og korleis samfunnet såg på plassen som er med å definere om det er ein by, seier han.

Tidlegare fengsel

Arkeologisk utgraving i Kaupanger.

TRONGT: Thomas Bruen Olsen frå Bergen Museum i steinkjellaren.

Foto: Privatfoto

Sjølve hovudgarden i Kaupanger er freda, med steinkjellaren som truleg det eldste bygget på eigedomen med sine 300–500 år. Bygningane på hovudgarden fungerte tidlegare som fengsel, og det vart også lagra verdigjenstandar på garden.

Ein har også tidlegare funne spor frå mellomalderen ved Kaupanger Hovudgard. Dei eldste truleg frå 1100-1200-talet.

– Funna no stadfestar litt av inntrykket frå tidlegare utgravingar. Ut frå utgravingar på 1970-talet visste vi at det gjekk føre seg ganske intens smieaktivitet til jarnsmiing, men også kopar og bronse, altså finsmedarbeid, seier Knagenhjelm.

Vanskeleg å datere

Arkeologisk utgraving i Kaupanger.

STEINKJELLAREN: Hjørnet på det som truleg er restane etter ein steinkjellar frå mellomalderen.

Foto: Privatfoto

Knagenhjelm seier dei siste funna er vanskeleg å datere, men arkeologar arbeider for fullt med å få dokumentert så mykje som mogleg.

– Det er å leite gjennom massane for å finne gjenstandar for å datere alderen. Dette er eit komplisert arbeid, som krev mykje etterarbeid. Tid og pengar er alltid eit spørsmål, seier Knagenhjelm.

Utgravingane blir rekna som mindre arkeologiske tiltak, og blir betalt av Staten. Knagenhjelm seier det er eit krevjande arbeid.

Arkeologiske utgravingar i Kaupanger.

TRONGT: Nærbilete av det som truleg er ei smie frå mellomalderen. Biletet syner godt kor komplisert det kan vere å tolke arkeologisk materiale i ei smal grøft.

Foto: Privatfoto

– Grøfta er ein meter i breidda, så det er «kikholsarkeologi». Men i og med at ein finn så mykje spor i ei så lita grøft, så fortel det ganske mykje om volum og storleik på aktiviteten her i mellomalderen, seier han og legg til at det tidlegare ikkje er gjort store utgravingar utanfor dei største byane Bergen, Oslo og Trondheim.

– Så dette er eit veldig viktig bidrag for å få utforska dei mindre stadane, avsluttar han.