Det vart markert med at det første trailerlasset vart dumpa i fjorden måndag ettermiddag.
I GANG: Prosjektleiar Gunnar Solbakken i Statens vegvesen.
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK– Vi har venta ei stund, men no er vi endeleg i gang. Vi er veldig glade for at det første lasset har kome på plass og det blir fleire ganske fort, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken i Statens vegvesen.
- Les òg:
40.000 kubikk skal ut
Fram til 1. mai skal fyllingsarbeidet gå føre seg.
STARTSKOT: No er arbeidet med den nye Loftesnesbrui i gang.
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK– Det er 40.000 kubikk med masse som skal ut på denne sida her no først, seier Solbakken.
I mars håpar Statens vegvesen å vere i gang med førebuande peiling, grunnlaget for fundamenta som skal stå ute i fjorden. Men den nye brua vil først stå endeleg klar i slutten av 2017. Då skal den gamle brua rivast, og prosjektet er venta å vere ferdig sommaren 2018.
SKAL RIVAST: Den gamle brua skal vekk, og ei ny skal på plass rett ved sidan om. Den nye brua skal starte der biletet er teke frå.
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRKEi «nettverksbogebru»
Brua blir ikkje berre annleis på den måten at den blir breiare.
– Det er ei nettverksbogebru som består av tre delar. Det er to sidespenn og så kjem det eit midtspenn som blir hovuddelen på brua som vil ha ei boge over køyrebana. Den er samanbunden med stag som gjer at ho får namnet nettverksbogebru, fortel Solbakken.
- Les òg:
Det er særleg dei mjuke trafikantane som vil merke betring med den nye brua, men tilhøva vil også bli mykje betre for bilistane. Den gamle brua vil ta unna trafikken under arbeidet, og håpet er at arbeidet skal påverke bilistane minst mogleg.
– Men noko vil dei merke, det er ikkje tvil om. Vi har hatt spesielt fokus på trafikktryggleik i arbeidsperioden. Det er om lag 9000 bilar i området dagleg. Det blir også ei utfordring at vi jobbar så nært inn mot den eksisterande brua, seier Solbakken.
NY BRU: Slik skal den sjå ut.
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRKGler seg over byggestarten
Totalt vil prosjektet koste 320 millionar kroner. I mai i fjor kom klarsignalet om at bygginga kunne starte, men planane har eksistert i lang tid før det. I 2009 kom brua inn i andre del av Nasjonal Transportplan.
Bak dette stod mellom anna stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp).
– Eg la den inn i prosessen undervegs, for eg meinte då og eg meiner no, at den brua er skikkeleg trafikkfarleg. Det er moro å få vere med på å setje i gang eit prosjekt som er viktig for Sogndal, men også regionen og heile fylket, seier ho.
- Les òg:
Også Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll (Ap) er nøgd med at spaden er sett i jorda.
– Dette er ein stor dag og ein dag vi har venta på lenge. Det har teke litt lenger tid enn det strengt tatt skulle ta, men det gløymer vi no. For det som dei no skal jobbe fram som resultat har aldri vore så bra som det ser ut no.
ILLUSTRASJON: Slik skal den nye brua sjå ut.
Foto: Statens vegvesen / skisse