Pristilboda går mellom 238,4 og 293,6 millionar kroner, og Vegvesenet skal no kontrollrekne tilboda før dei tek ei endeleg avgjerd.
Det er Bilfinger og K.A. Aurstad som har lagt inn det lågaste tilbodet.
– Vi er godt nøgde med interessa, og at så mange leverte tilbod. Prisnivået var jamt blant dei to billegaste, med berre ein halv million i skilnad, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken.
- Les også:
Skal lage ny 194 meter lang bru
Viss alt går som planlagt, skal entreprenøren kunne starte tilrigging i Sogndal alt i desember, og arbeidet vil kunne ta til for fullt på nyåret. Den nye Loftesnesbrui skal takast i bruk ved utgangen av 2017, og heile prosjektet skal stå ferdig sommaren 2018.
Vegprosjektet består av ei ny 194 meter lang nettverksbogebru over Loftesnessundet i Sogndal, samt utbetring av veg i tre retningar. Det skal mellom anna byggjast ny rundkøyring, og det skal fyllast ut med masse på begge sider av sundet.
- Les også:
Skal byggje den nye ved sidan av den gamle
Den gamle Loftesnesbrui vert ståande medan den nye vert bygd, slik at trafikken kan gå som normalt i byggjeprosessen.
– Dei kjem til å stå ganske tett ved sidan av kvarandre. Når den nye brua er klar, fører vi trafikken over på den, og så skal den gamle rivast, seier Solbakken.
I tillegg skal det fyllast ut ein liten bit på den nye brua til slutt, men dette kan ikkje gjerast før den gamle brua er rive.
- Les også:
Gjer T-kryss om til rundkøyring
At den nye brua må byggjast kloss i den gamle, er utfordrande for byggjeprosessen.
– Det er litt utanfor standarden, seier Solbakken.
I krysset der fylkesveg 55 går innover mot Luster, vert dagens eksisterande T-kryss gjort om til ei rundkøyring.
– Det vert også tilpassingar i retning Solhov mot Sogndal, samt endringar i vegen på Loftesnessida. Der skal vi også leggje om vegen litt, samt gjere tilpassingar for vegen inn til Barsnes, seier Solbakken.