Hopp til innhold

Her leikar hoggormen seg i påskesola

Då familien Weltzien var ute på sykkeltur fekk dei sjå to hoggormar som boltra seg i påskesola.

LEIK?: Om det var kosing eller slåsting hoggormen heldt på med er uvisst. Foto: Bendik Weltzien.

– Vi var ute på sykkeltur og såg dei tilfeldigvis. Dei heldt på slik så lenge vi var der og det var i om lag ti minutt, seier Bendik Weltzien.

Hoggormen vart observert ved Grytingane i Selje kommune. Heile familien på åtte var ute på tur då to av dei såg hoggormane.

– Vi vart ståande å sjå på dei ei stund. Det er ikkje alle i familien som er like begeistra for hoggorm, seier Weltzien lattermildt.

Allereie for to veker sidan vart årets første hoggorm sett i Sogn og Fjordane.

– I fjellet kan du treffe på opp mot 20 hoggormar som har samla seg. Dei finn du ofte på stadar der folk set seg ned for å nyte sola, sa forskar og hoggormekspert ved NTNU, Dag Dolmen ved NTNU då.