Hopp til innhold

No har denne krabaten vakna frå vinterdvale

I tida framover må du passe ekstra godt på kor du setter deg ned i naturen, åtvarar hoggormekspert. Britt Førde Ohnstad er blant dei som fekk eit tidleg møte med ormen.

Hoggorm

DU KAN TREFFE PÅ TJUE AV DESSE: I fjellet kan du treffe på opp mot 20 ormar som har samla seg ved hiet sitt. Denne hoggormen såg Britt Førde Ohnstad i Sogn og Fjordane.

Foto: Britt Førde Ohnstad

Allereie 12. mars møtte Førde Ohnstad på ein orm som lét seg lokke ut av vårsola.

– Eg skvatt til. Den var jo lang, og så låg den der berre heilt stille. Det var litt ekkelt, og ikkje minst tidleg å sjå orm, ler Førde Ohnstad.

Det overraskande synet fekk ho då ho var på tur med hunden sin på Noreide i Høyanger. Ser du for deg at Førde Ohnstad sette i eit hyl og la på sprang, så må du tru om att.

– Den kom brått på, men eg var ikkje meir skremd enn at eg gjekk heim igjen for å hente mobilen, sånn at eg kunne ta eit bilete, seier ho.

Som med folk, så vil ormen ut for å nyte finvêret. I Noreg ligg ormen i dvale om vinteren, gjerne mange i lag. Ein av dei som ventar i spenning på at hoggormen skal komme ut av vinterdvalen er forskar og hoggormekspert ved NTNU, Dag Dolmen.

– Det kan sjå ut som at Sogn og Fjordane fekk den første observasjonen av hoggorm i år, som eg veit om. For Vestlandet er ikkje dette spesielt tidleg, så eg er ikkje veldig overraska, seier han.

Dag Dolmen

GLER SEG TIL Å SJÅ ORM: Forskar og hoggormekspert ved NTNU, Dag Dolmen, gler seg til å sjå årets første hoggorm med eigne auge denne våren.

Foto: Geir Mogen

Du kan treffe på tjuetals hoggormar

Fram mot påske kjem dei første hoggormane fram og ligg i opninga av hiet. Det betyr at dei som likar seg ute i naturen, og helst ikkje vil gå på ormen, bør vakte seg vel.

– I fjellet kan du treffe på opp mot 20 hoggormar som har samla seg. Dei finn du ofte på stadar der folk set seg ned for å nyte sola, seier Dolmen.

Han har eit klart råd til alle som vil ut for å nyte både solstrålar og natur denne våren.

– Sjå deg ekstra godt om før du set deg ned på stad der sola varmar. Det er alltid lurt å undersøke litt i området for å sjå om du ser hoggorm, seier Dolmen.

Britt Førde Ohnstad er blant dei passar på. Spesielt om sommaren.

– Om sommaren må eg ha høge støvlar når eg går på denne vegen, for då er det ein del orm, men eg har aldri møtt på ein hoggorm så tidleg på året før, seier ho.

Hoggorm

PASS PÅ STUMPEN: Sjå deg om før du set deg ned på ein stad der sola varmar. Hoggormen er like glad i varme og sol som oss.

Foto: Morten Waagø / NRK