Leiar i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane, Arnstein Menes, pendlar dagleg på strekningen, og stadfestar at denne strekninga på fylkesveg 13 ikkje er inne på noko prioritert liste for rassikring.
– Dette må eventuelt komme inn i ei rullering av prioriteringslista no når det kjem ny fylkestingsperiode, seier Menes.
Såg merka i vegen
Menes stod over to ferjeavgangar grunna steinraset, og passerte skredstaden like etter oppryddinga.
– Vi såg berre merke i vegbana og i grøfta etter steinane. Det såg ut som at blokka berre hadde sklidd ut i vegen, så det var lite skade på vegen, fortel Menes.
Han fortel at dei truleg har losna like over vegbana.
– Det var bra storleik på steinane, men det såg ikkje ut til at dei hadde losna frå så høgt oppe, seier Menes.
Må leve med det
Menes konkluderer med at dette er ein kvardag han og mange andre berre må leve med. Han ser det som urealistisk å ha som mål å få sikra kvar
– For mange så må vi berre leve med dette. Det er avgrensa midlar, og det krevst store kostnader for å rette på slike rasfarlege stader. Det er ikkje så mange vi rekk i løpet av eit år, seier Menes.
Han ønskjer ikkje å spå om denne vegstrekninga vil ha sjanse til å komme med på ei prioriteringsliste.
Er ein diskusjon
– Det er vanskeleg å seie. Men vi har opplevd fleire gonger at det kjem steinar ned på denne vegen. Det må bli ein diskusjon når vi no skal diskutere på nytt, seier Menes.
Han fortel at så vidt han veit, har det ikkje rasa akkurat på same staden, men svært nær.
– Så vidt eg veit, ifølgje den lokale entreprenøren som hadde rydda på staden, hadde det ikkje rast på akkurat denne staden, men like ved, seier Menes.