Hopp til innhold

Her kastar Steinar seg til NM-sølv

Under NM på Askøy slo Steinar Kleppe til med sølvmedalje i slegge. Likevel jaktar han framleis på ein gammal krinsrekord.

steinar

NYTT SØLV: Steinar Kleppe fekk med 62,72 meter ein sølvmedalje under Senior-NM på Askøy.

Foto: EIGIL INSTEBO

– Eg er halvfornøgd med resultatet og veldig nøgd med plasseringa, seier Steinar Kleppe.

Kleppe tok sølvet under NM på Askøy med 62,72 meter, men det var ein rekord han helst skulle tatt i same slengen òg.

– Det er kretsrekorden til Ove Farsund på 64,20 meter som eg helst ville ta i tillegg til sølvet. Då var eg eit par meter for kort til at det blei det eg hadde drøymt om.

Kleppe har sølv frå tidlegare noregsmeisterskap, men ingen krinsrekord.

– No er det på tide å ta rekorden til Farsund som stammar frå 80-talet. Då er det litt surt når du veit at du har det inne, men ikkje heilt får til det treffet du treng.

Fleire utmerka seg

Steinar Kleppe representerer Gloppen Friidrettslag. Lagleiar for Gloppen under NM, Jørund Årdal, hadde forventa ein medalje til Kleppe.

– Det er vi veldig godt nøgd med. Med Steinar Kleppe hadde vi forventa at han skulle kjempe om ein medalje.

Steinar

UTMERKA SEG I TOPPEN: Denne gjengen frå Gloppen IL utmerka seg i toppen under NM.

Foto: EIGIL INSTEBO

Kleppe var ikkje den einaste som imponerte Årdal. Fleire av sleggekastarane til Gloppen IL var med i toppen.

– Evald Osnes Devik og Thomas Mardal imponerte meg spesielt i dag.

Evald Osnes Devik enda på ein 4. plass med 60,11, medan Thomas Mardal kom på ein 6. plass. Mardal sikra seg ein ny personleg rekord på 59,07 meter.

– Mardal er einaste junior som hevda seg i toppen. Han har tatt store steg, meiner Årdal.

Skal halde på i fleire år til

Steinar Kleppe stod for fylket sin einaste medalje under NM på laurdag. I framtida satsar han på at det vert fleire.

– Eg skal vere med på NM i mange år til, så eg har vel sagt at eg skal stille på NM til alderen tar meg, og då er det jo alltids eit veteran-NM som finst, ler Kleppe.

For Kleppe er NM nesten som julekvelden.

– Dette er året høgdepunkt for meg, og dagen eg ventar på gjennom året.