Det skal også delast ut pris til årets gjennombrot og årets eldsjel.
På denne sida kan du sjå showet direkte i nett-tv eller høyre det i NRKP1 Vestland.
Det er 19. gong desse prisane vert delt ut til artistar frå Sogn og Fjordane.
som Eva Weel Skram, Sigrid Moldestad og Kjartan Lauritzen blitt tildelt prisen. og Oddny som vart årets nykommar.Eineståande år
NRK sin prosjektleiar for Luttprisen, Stian Sjursen Takle, seier at 2024 har vore eit veldig godt musikkår for artistar frå Sogn og Fjordane.
– På eit tidspunkt i fjor vår var faktisk 7 av 19 artistar på dei nasjonale spelelistene til NRKP1 frå Sogn og Fjordane. Det er heilt eineståande, og har aldri skjedd før, seier han.
Det har vore eit eineståande musikkår for artistar frå Sogn og Fjordane i NRKP1 sine spelelister, seier prosjektleiar for Luttprisen i NRK, Stian Sjursen Takle.
Dei er nominerte er ...
I år er det 9 nominerte til prisen som årets artist. Kven av dei som skal vinne er publikum vert med å bestemme.
Fram til midnatt måndag 24. februar kunne alle røyste på sin favoritt ein gong i døgnet.
Dei nominerte er Gunn Kvaale frå Sogndal, Anna Lille frå Nordfjordeid, MAIH frå Dale i Fjaler, Eva Weel Skram frå Sogndal, Oddny frå Bremanger, Teo frå Solund, Aleksander Raftevold frå Nordfjordeid, Steinar Karlsen frå Eikefjord og Andreas Rotevatn frå Nordfjordeid.
Ronny leiar showet
Luttprisen vert flytta rundt i Sogn og Fjordane kvart einaste år.
I fjor vart Luttprisen arrangert på Kviknes Hotel i Balestrand. I år vert utdelinga arrangert i den splitter nye Samvirket scene i Dale i Fjaler.
Programleiar for Luttprisen i Dale er Ronny Brede Aase.
Foto: NRK / n13513Under showet får du sjå artistar som Eva Weel Skram, Anna Lille, Gunn Kvaale, MAIH, Oddny med Maiie, Kokosbananas, Aleks Grey, Alice, Line Dybedal, Helgesenkoret og We Met In June. Programleiar for showet er Ronny Brede Aase frå Førde.
Kan bli årets gjennombrot
Dei nominerte som årets gjennombrot er We Met in June frå Sogndal og Fjaler, Alice frå Florø og bandet GIFU med Synne Hellebø frå Lavik.
Det vert også delt ut pris til årets eldsjel. Alle kan sende inn sine forslag på ein person som legg ned ekstra innsats for å løfte fram våre lokale artistar. Prisen blir delt ut av ein fagjury.
I fjor vart prosjektleiar Takle overraska med eldsjelprisen under Luttprisen i Balestrand.
Stian Sjursen Takle blir overraska med tildeling av Luttprisen som årets eldsjel på Kviknes Hotel i Balestrand.
Ønskjer forslag på eldsjeler
Forslag til kandidatar kan sendast på e-post til prosjektleiar Stian Sjursen Takle.
Luttprisen vert arrangert av stiftinga Luttprisen, Oncue production, Preform i Dale og NRK Vestland. Prisane er stipend frå Sparebankstiftingane til Sparebanken Vest og Sparebank 1 Sogn og Fjordane.
Luttprisen vert sendt direkte på nett-tv og på radio i NRK P1 Vestland laurdag 1. mars klokka 20.