– Hehe, men hadde eg ikkje sett tala som viser kor mykje det har regna, så hadde eg nok følt at det måtte vere rekord. For det har regna noko veldig, flirer Arve Wergeland.
Når vêrobservatøren på Brekke i Sogn og Fjordane skal summere opp vêråret på heimstaden kjem han ikkje utanom ordet vått. Ikkje klissvått heller. Men rekordvått, det er det langt unna på den våtaste stasjonen i landet.
– Det er ikkje noko rekordår, nei. Det er ikkje så mykje meir enn eit normalår.
Bergensarane snusar på rekord
Til og med i dag har det kome 3965,6 millimeter totalt i løpet av 2017 på målestasjonen på Brekke.
Men det har altså regna nesten ein meter meir utanfor stoveglaset i Gulen.
– Det følast ut som det har regna noko heise, ja, vedgår Wergeland.
Ifølgje statsmeteorolog Anne Solveig Andersen kjem likevel ikkje Brekke til å bli blant dei våtaste stasjonane i Norge i 2017. Tala er ikkje heilt klare enno, men fleire stasjonar i Rogaland og Hordaland vil få langt over 4000 millimeter nedbør totalt.
– Det har regna nesten kvar einaste dag
Til neste år er det 80 år sidan Meteorologisk institutt fekk på plass nedbørsmålaren på Brekke.
Etter kvart har stasjonen blitt landskjent, spesielt etter at den vart den våtaste målestasjonen i landet. Den statusen fekk stasjonen etter at det i 1995 kom 5596 millimeter i løpet av året.
- Les også:
Og jau då, det har vore vått i målebegeret også i år. Wergeland poengterer tørt at det har regna nesten kvar einaste dag sidan mai.
– Vi hadde ni dagar med opphaldsvêr i mai, men sidan har det kome litt nedbør nesten kvar einaste dag. Vi har hatt periodar på fem-seks dagar der det har vore opphald innimellom.
- Les også:
Våtare enn i fjor
Og det siste døgnet vart ikkje noko unnatak. I dag kunne Wergeland notere 0,1 millimeter med nedbør på stasjonen i Brekke. Årstotalen er dermed oppe i 3965,6. Det er over 1,5 meter mindre nedbør enn i rekordåret 1990.
– Eg forstår at mange kan kjenner på at det har kome mykje regn i år. Medan det mange år tidlegare har vore dagar der det har regna veldig nokre dagar, og opphaldsvêr andre, så har det regna nesten kvar dag i år.
For å ta med nokre våte fakta frå målestasjonen på Brekke til slutt:
- Den såkalla nedbørsnormalen for stasjonen er 3575 millimeter
- I heile 2016 kom det 3476,4 millimeter nedbør
- Den tørraste månaden i 2017: Mai med 91,9 millimeter nedbør
- Den våtaste månaden i 2017: Oktober med 595,9 millimeter nedbør
- Den våtaste dagen i 2017: Veslejulaftan 91 millimeter nedbør
– Normalen for eit år er altså 3575 millimeter nedbør, så med 3965,6 til no i år er vi ikkje så langt over, avsluttar Wergeland som snart håpar vi skal skrive om målestasjonen fordi det er fint vêr der.