Hopp til innhold

Sensor hadde korona – ti personar hamna i karantene: – Latterleg at det kan skje

Ti personar hamna i karantene etter å ha teke munnleg eksamen. Sjølv meiner skulen dei ikkje har brote smittevernreglane.

Eksamen Amalie Skram

KARANTENE: Alle dei ti som var til stades under eksamenen, hamna i karantene etterpå.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Dei tar det useriøst. Eg saknar ei forklaring på korleis noko slikt kunne skje, seier privatist Ask Berg Neergaard.

Han er ein av åtte privatistar som nervøse og spente sat utanfor klasserommet og venta på å få ta munnleg eksamen i 25. november.

Men etter eksamenane var gjennomført, viste det seg at ein av sensorane hadde korona.

Difor hamna alle i karantene.

– Latterleg at det kan skje

Neergaard meiner skulen har hatt god tid til å førebu seg for å halda eksamen under ein pandemi.

– Eg synest det er ganske latterleg at dette kan skje, seier han.

Neergaard er til vanleg student, men tek opp fag for å koma inn på draumestudiet; psykologi.

Sjølv blei han ikkje sjuk. Karantenen har likevel fått store konsekvensar. Neergaard hadde nemleg førebudd seg til ein annan eksamen han skulle ta då han var i karantene.

– Eg må truleg setja studiet mitt på vent og i staden fokusera på å ta opp fag til neste år, seier han.

Skilt om privatisteksamen på Amalie Skram vidaregåande skule.

LUKKE TIL: Privatistane blir ynskt lukke til med desse plakatane når dei kjem inn på Amalie Skram vidaregåande skule.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Avstand ikkje optimalt

Rektor ved Amalie Skram vidaregåande skule, Lars Berntsen, meiner skulen har vore flink med smittevern.

– Eksamen er gjennomført med god avstand.

Han presiserer at det er usikkert om det har vore to meter mellom kandidaten og sensorane heile tida.

Men kvifor har det ikkje vore meir avstand mellom kandidatane og sensorane?

– Blir det for streng utøving av smittevern, kan det gå utover samhandlinga under eksamen, seier rektoren.

Han seier sensorane og kandidatane bør ha ein dialog under eksamen. Til dømes kan kandidatane visa kompetanse ved å teikna eller visa ting på eit papir.

– Då er det ikkje optimalt å ha for stor avstand, seier Berntsen.

– Me har verkeleg jobba for å følga smittevernråda

Det er dei to sensorane si forklaring om gjennomføringa av eksamen til smittevernkontoret som er bakgrunnen for karantenen.

Berntsen meiner skulen likevel har hatt godt smittevern under gjennomføringa av privatisteksamenane i haust.

Ved skulen har om lag 3500 privatistar hatt eksamen i haust, og dette er ifylgje rektoren det einaste kjende tilfellet der nokon smitta har vore involvert.

– Me har verkeleg jobba for å følgja smittevernråda, seier Berntsen.

Lars Berntsen, rektor Amalie Skram vidaregåande skule

REKTOR: Rektor Lars Berntsen meiner skulen ikkje har brote smittevernet under eksamensgjennomføringa i haust.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Vil at eksamen til våren skal vurderast

– Det er utruleg kjipt at noko slikt har skjedd. Det er farleg at skulen som arrangør ikkje har klart å halda smittevernreglane.

Det seier fylkesleiar i Elevorganisasjonen i Vestland, Signe Margarete Krüger Birks.

Ho seier det allereie har blussa opp ein diskusjon om det er forsvarleg å halda eksamen til våren.

– Det er jo ikkje ei hemmelegheit at me vil at eksamenar til våren bør avlysast, grunna eit urettferdig grunnlag i læring blant elevane. Men om me ser tilfelle der skulane ikkje greier å halda smittevernet, vil det vera ein enda større faktor, seier Birks.

Signe Margarete Krüger Birks, fylkesleiar i EO

VIL AVLYSA: Fylkesleiar i Elevorganisasjon i Vestland, Signe Margarete Krüger Birks, meiner eksamenar til våren bør avlysast.

Foto: Emil Øvretveit / Elevorganisasjonen