Hopp til innhold

Her får ungdomane ein tankevekkjar

Ungdomane ved Måløy vidaregåande skule vart skremde då dei fekk nærkontakt med ein bilførars verste mareritt.

Trafikksikringsdag i Måløy.

SJÅ VIDEO: Så mykje skader får ein bil i kollisjon når farten er 50 kilometer i timen.

Skulen gjennomførde tysdag ei stor redningsøving, der naudetatane i Måløy var med.

Øving på trafikkulukke

SAMANSTØYT: Trafikkulukka har skjedd.

Foto: Birger Meland / NRK

Sjølv om det berre var ei øving, gjorde det inntrykk på ungdomane å sjå kva som verkeleg går føre seg i ei trafikkulukke.

– Det var veldig verkeleg. Du kom skikkeleg inn i situasjonen, og det såg skummelt ut. Det er ikkje noko du vil oppleve sjølv, seier Anna Svarstad (16).

– Aldri kjekt å sjå

Øving på trafikkulukke

FRIGJERING: Brannmannskapa er framme og skal frigjere skadde.

Foto: Birger Meland / NRK

Elevane fekk sjå og høyre med sjølvsyn skadane som oppstår når farten er 50 kilometer i timen, og bilar støyter saman. Dei fekk sjå brannmannskap frigjere skadde personar i bilvraka, og sjå ambulansepersonell ta hand om skadde.

Dei fekk sjå politiet vere med å sikre åstaden.

Øving på trafikkulukke

FRIGJORT: Bilvraket er straks opna så den skadde kan takast ut.

Foto: Birger Meland / NRK

– Det er jo tøft å sjå på ein måte. Både fordi faren og risikoen er der for at det kan skje i verkelegheita. Eg er sjølv med i Røde Kors og har sett slikt før, men det aldri kjekt å sjå att. Diverre er det risiko for å sjå det igjen, seier Daniel Gangeskar.

– Like skremmande kvar gong

– Det er like skremmande kvar gong, men eg tykkjer politi, brannvesen og helsepersonell gjer ein fantastisk jobb i slike situasjonar, legg han til.

Øving på trafikkulukke

SAMHANDLING: Naudetatane samarbeider godt i trafikkulukker.

Foto: Birger Meland / NRK

Volvoen fekk store skader. Scenarioet var at bilen krasja i 50 kilometer i timen.

– Det er skummelt kor mykje arbeid dei måtte gjere for å få personen ut frå bilen. Og dette var berre i 50 km/t. Tenk om det var 80 eller 100 km/t, seier Svarstad.

Skremmande syn

– Frå vi stoggar på ein skadestad skal det gå maks ti minuttar før personen skal vere ute av vraket. Vi jobbar med alt det går, forklarar Kim Hjelle i brannvesenet. Han forstår godt at ungdomane tykte det var skremmande syn tysdag.

Øving på trafikkulukke

SAMHANDLING: Naudetatane samarbeider godt i trafikkulukker.

Foto: Birger Meland / NRK

– I alle fall slik den ser ut når vi er ferdige med den, seier han.

Det var ikkje berre trafikkulukker som stod på dagsorden då naudetatane, køyreskulen og Statens vegvesen vitja den vidaregåande skulen.

Mange tema

Og så var det dette med å vere ein synleg, men mjuk, trafikant. Spesielt om hausten. Bruk av refleks hadde sin naturlege del av øvinga.

Svarstad har site i ein bil og møtt på trafikantar som ruslar i haustmørkret utan refleks og har sjølv fått erfare kor vanskeleg det er å sjå slike mjuke trafikantar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øving på trafikkulukke

SKREMDE: Anna, Daniel, Øystein og Jarle tykte det var lærerikt å sjå kva som skjer naudetatane gjer i ei trafikkulukke.

Foto: Birger Meland / NRK

Generell bilvedlikehald, haldningar og ikkje minst kva ein sjølv bør gjere for å bli ein betre. Som til dømes fart, bruk av bilbelte og skikkelege dekk. For bilpassasjerar kan det vere flaut, men likevel livreddande å våge å seie ifrå når farten blir for høg.

– Du skal kjenne deg trygg

Politiførstebetjent Åse Romuld vonar at inntrykka måndag ikkje går i dei vidaregåande elevane sine gløymebøker med det første.

– Det krev kanskje litt mot, men det er lov å seie ifrå. Du skal kjenne deg trygg med den du sit på med. Og bruk bilbelte. Bilbelte reddar liv. Er du fotgjengar, så er det kanskje ikkje så kult, men det gjer deg synleg og reddar faktisk liv om du brukar refleks, seier ho og minner om at ein spesielt på vått føre bør vere flink til å halde låg fart.

Øving på trafikkulukke

ALLSIDIG: Elevane ved Måløy vidaregåande skulle fekk eit breitt tryggleikskurs måndag.

Foto: Birger Meland / NRK

– Er det mykje regn, så er det greitt å senke farten. Då ser ein ei hindring mykje, mykje tidlegare. Til slutt, så er det tøft å seie ifrå, avsluttar ho.