Hopp til innhold

Bilbergarane vil bli varsla raskare når det skjer trafikkulukker

Både bergingsbilsjåførar og Norsk Luftambulanse vil at bergingsbilane skal bli varsla raskare når det skjer trafikkulukker. – Det kan berge liv.

Georg Piel

VIL HJELPE: Bilbergar Georg Piel seier bomturar ikkje er noko problem, men meiner det viktigaste må vere at bilbergarane har høve til å bidra dersom det er behov for det.

Foto: Anna Gytri / NRK

Bilbergarane har ofte utstyr som er nyttig for redningsarbeidet, spesielt i samband med ulukker der lastebilar og bussar er involvert.

– Når det skjer ulukker tel kvart minutt, og då må vi få beskjeden raskt, er bøna frå bergingsbilsjåfør Georg Piel på Stårheim i Nordfjord.

– Vi må vere den fjerde knappen

Utanfor stasjonen hans ved riksveg 15 halvanna mil frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane står bilane alltid klare. Piel har i snart 40 år rykt ut til uhell og ulukker langs vegane.

Ved store trafikkulukker kan utstyret og kunnskapen til bilbergerane vere livsviktig. Likevel opplever dei å bli varsla for seint. Piel vil ha varsling samtidig med dei tre naudetatane.

– Når uhellet er ute, spesielt ved større ulukker, er det snakk om minuttar dersom ein skal berge liv. Det må vere slik at vi er den fjerde knappen, slik at vi blir varsla raskt, kjem oss til plassen og kan bidra dersom det er behov for oss, seier Piel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Video b6e2d496-384a-43ee-9c6b-5a79fc401089.png

SJÅ VIDEO: Bilbergarar vil bli varsla tidlegare ved ulukker.

– Dei kan vere heilt avgjerande

For sjølv om brannvesen, ambulanse og politi som regel klarar seg på eiga hand, er ei hjelpande hand frå bilbergarane ofte ein viktig ressurs på ulukkesstaden.

Jan Einar Andersen i Norsk Luftambulanse seier bilbergarane heilt klart spelar ei rolle.

– I alle ulukker kan bilbergarane bli viktige støttespelarar, men spesielt er dei viktige i ulukker med lastebilar og bussar. Då er det heilt avgjerande at vi har dei med oss på ulukkesstaden, seier Andersen.

Andersen seier han kjenner til ulukker der bilbergarane burde ha vore varsla tidlegare for å bidra på skadestaden, men seier at det heldigvis ikkje har fått negative konsekvensanar for utfallet.

– Men det kunne det ha fått, så her er det viktig å vere litt føre var. Det å nytte seg av ei såkalla kvatrovarsling, altså varsle brannvesen, politi, ambulanse og bilbergar samtidig og så tidleg som mogleg, det vil kunne komme pasientane til gode, seier Andersen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Einar Andersen, Norsk Luftambulanse

VIKTIGE: Jan Einar Andersen i Norsk Luftambulanse seier bilbergarane spelar ei viktig rolle på ulukkesstaden.

Foto: Norsk Luftambulanse

– Ingen konkurranse

Han er fagutviklar for TAS, som står for Tverrfaglig Akuttmedisinsk Samarbeid. Andersen har halde kurs i hurtigfriggjering landet rundt og har fleire gonger sett at bilbergarane kan bidra i redningsarbeidet ved ulukker.

Det er store skilnader i kva utstyr lokalt brannvesen har, og mange tilfelle har bilbergarane det utstyret brannvesenet manglar, seier Andersen.

– Det er også slik at dei har ein eigen kompetanse på bruk av kjetting, vinsj og vaiera. Difor burde dei absolutt bli varsla så tidleg som mogleg når det skjer ulukker, seier han og legg til:

– Det er ikkje noko konkurranse mellom etatane her. Det er snakk om å gj folk raskast mogleg helsehjelp.

Er ikkje redd for bomturar

Piel har bak seg snart 40 år som bilbergar. Fleire gonger har 57-åringen vore med å redde ut fastklemde menneske.

Han seier bilbergarane gjerne vil vere raskt på ulukkesstaden, slik at dei kan hjelpe dersom det er behov for dei. At han kan bli ståande å vente er ikkje noko problem, fortel han.

– Om vi blir ståande i vegkanten og vente i ein time enkelte gonger, så spelar ikkje det noko rolle. Men kan vi vere med å berge eit menneskeliv, så er det veldig viktig at vi er der tidsnok, seier Piel.

Han viser vidare til at det i dei aller fleste tilfelle etter trafikkulukker er behov for bilbergar i etterkant uansett, og ser ikkje noko grunn til at dei ikkje skal bli varsla med ein gong.

Piel opplever at bilbergarane kjenner eit stort ansvar og gjer alt dei kan for å hjelpe brannvesen, politi og helsepersonell på ein ulukkesstad. Piel har sjølv vore med å ta ut kring 30 døde menneske etter dødsulukker langs vegane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Georg Piel saman med sonen Glenn André Utnes Piel

TIDLEG PÅ PLASS: Georg Piel har vore bilbergar i snart 40 år, og sonen Glenn Andrè Utnes Piel skal ta over verksemda. Begge vil gjerne vere tidleg framme på ein ulukkesstad, slik at dei kan hjelpe om behovet er der.

Foto: Stig Høynes

– Ulik praksis

Dei tre store bilbergingsselskapa NAF, Falck og Viking støtter opp om ønsket om å bli varsla tidleg. Dei opplever at det er svært ulik praksis rundt om kring i landet i forhold til kor tid bilbergarane bli varsla.

Kjedesjef i Viking, Svein Setrom seier det er fleire grunnar til at dei ser fordelane med å bli varsla tidleg.

– Vi meiner bilbergarane er ein ressurs for skadestadsleiar, så generelt ønskjer vi å bli varsla så tidleg som mogleg, seier han og legg til:

– Dette gjeld også ved mindre uhell, slik at stenging av vegen og liknande varer kortast mogleg.

– Ikkje noko negativt

At bilbergarane kan vere ein ressurs når det skjer ulukker er også leiar i Norsk Brannbefals Landsforbund samd i.

Nils-Erik Haagenrud er samtidig klar på at brannvesenet i dei aller fleste tilfelle klarar seg utan bilbergarane i sjølve redningsarbeidet. Haagenrud er brannsjef i Midt-Hedmark og seier dei der klarar seg utan bilbergarane i 99 prosent av ulukkene.

Han ser det uansett ikkje som noko problem om bilbergarane kjem tidleg på staden.

– Det er ikkje negativt at dei blir varsla ut. Plutseleg ein dag står du der og det er behov for utstyret deira, seier Haagenrud til NRK.no.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Dei har både utstyr og kompetanse

Brannsjef i Lærdal, Gaute Johnsgaard, er heilt klar på at bilbergarane er ein ressurs for dei. E16 går like gjennom kommunen og det er mykje tungtrafikk på denne vegen. Spesielt ved ulukker med store køyrety nyttar brannvesenet seg av kompetansen og utstyret til bilbergarane.

– Dei har ein del utstyr og ein del kompetanse som kan vere til god hjelp i samband med redningsarbeidet. Det er difor viktig for oss at dei er på plass tidleg, seier brannsjefen til NRK.no.

Han seier brannvesenet i kommunen har bygd seg opp både i forhold til kompetanse og utstyr, men at dei uansett ofte dreg nytte av bilbergarane. Dette kan vere alt frå enkle oppgåver som sikring av skadestaden, til at dei hjelper til med å frigjere fastklemde personar i store køyrety.

– Dei er ofte til god hjelp for oss, seier Johnsgaard og viser til at det er store skilnader på kva type utstyr brannvesenet rundt om kring i landet har.

Vil sjå på rutinane

Det er politiet som kallar ut bilbergarane når det skjer trafikkulukker. Sjef for operasjonssentralen i Sogn og Fjordane, Harald Vårdal, seier dei har rutinar som seier at bilbergarane skal varslast tidleg i ulukker med personskade.

– Eg har forstått at bilbergarane sjølve meiner det ikkje blir varsla tidsnok, og det er signal vi skal ta på alvor. Vi må sjå på våre rutinar i forhold til dette, seier Vårdal til NRK.no.

Piel er krystallklar på ein ting. Det må vere betre at bilbergarane blir kalla ut for tidleg ein gong for mykje, enn ein gong for lite.

– Kjem vi fort fram, så er vi i alle fall på plass. Då kan vi bidra, dersom behovet er der.