Hopp til innhold

No får ekteparet Arne og Siren endeleg lov til å klemme kvarandre att

BERGEN (NRK): – Han smilte frå øyre til øyre, fortel kona Siren.

Arne og Siren får endeleg klemme att.

ETTERLENGTA: Arne og Siren kan endeleg klemme kvarandre att.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Ein etterlengta klem.

Å endeleg få kunne vere nær, betyr mykje.

Men ventetida har vore lang.

– Han spurte meg for nokre dagar sidan om han ikkje kunne få ein klem. Då sa eg at vi måtte vente litt til.

Arne og Siren Rustad har ikkje omfamna kvarandre kinn mot kinn sidan mars i fjor. No har Arne fått begge dosane av koronavaksina. Det betyr at klemming endeleg vert lov.

Men Siren legg ikkje skjul på at det var tunge tak i starten av pandemien.

– Det verste var at eg ikkje fekk møte han, og vera borti han. Avstanden var tøff, seier Siren medan ho stryk Arne på handa.

Tøff koronatid

Sidan 19. januar i år, har sjukeheimsbebuarane fått ha besøk to gongar i veka.

Men på sjukeheimar kor alle bebuarar er vaksinerte, vert det no opna for daglege besøk.

Den siste tida har Siren fått besøke mannen sin fleire gonger i veka. Men heilt i starten av pandemien var dei skilde frå kvarandre i tre månadar.

– Det var veldig stussleg, syns eg, fortel Siren.

Dei har ikkje barn eller barnebarn, så ho var mykje einsam då mannen var på sjukeheim og ho ikkje fekk kome på besøk.

Siren og Arne Rustad markerar at dei endeleg kan klemme kvarandre att.

ENDELEG: Ekteparet har halde hender, men ikkje fått klemt kvarandre sidan pandemien starta.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Betyr svært mykje for dei eldre

Trine Øien er einingsleiar på Ladegården sjukeheim. Ho kan fortelje at dei no opnar opp for at besøkande kan kome kvar dag til faste besøkstider.

Det at dei eldre no kan få endå meir besøk, betyr svært mykje.

– Det å flytte på institusjon er den delen av livet der du er mest sårbar og treng dine. Og får du ikkje det, vert det dobbelt så vanskeleg.

Det har også vore viktig for dei tilsette som jobbar på sjukeheimen.

– Dei ser at dei eldre vert gladare, at trivselen aukar. Vi har forsøkt å gje dei som bur her ein god kvardag med hjelp frå ulike tiltak. Men det kan ikkje erstatte familien, seier einingsleiaren.