Hopp til innhold

Skal endra store delar av Fløibanen på få år

Lengre vogner og nye stasjonar på Fløibanen. Oppgraderinga i hundremillionars-klassen er venta ferdig på tampen av 2021.

Fløibanen

SKAL BLI NY: Dei nye vognene skal bli fem meter lengre og ta 35 prosent fleire passasjerar.

Foto: Fløibanen AS

Fløibanen i Bergen har i løpet av hundre år blitt ein av Noregs mest kjente turistattraksjonar. Populariteten vil ingen ende ta, og denne sommaren sette Fløibanen passasjerrekord i juli.

I det fine sommarvêret hadde vognene over 400.000 påstigingar. I løpet av 2018 kjem Fløibanen til å passera to millionar passasjerar for første gong. Til samanlikning hadde dei over 1,8 millionar påstigingar i 2017.

– Det er utruleg kjekt å sjå at vi har vekst gjennom heile året. Det er ikkje berre den gode sommaren si forteneste. Bergensarane brukar Fløyen meir enn nokon gong. Førre helg hadde vi nesten 25.000 påstigningar utan cruisebåtar i byen. To av tre besøkande er nordmenn. Den flotte vintersesongen gjorde at vi hadde ein vekst på opp mot 29 prosent i januar og februar, seier administrerande direktør Anita Nybø.

Fløibanen i Bergen juli 2018 passasjerrekord

REKORDSOMMAR: Over 400.000 passasjerar steig på Fløibanen i Bergen i juli.

Foto: Marianne Løvland / NTB scanpix

Nye og lengre vogner

Men det byr på utfordringar. I sommarmånadane er kapasiteten så å seie sprengt. Fløibanen går kontinuerleg kvart sjette minutt gjennom dagen i høgsesongen, stappa med opp mot 80 passasjerar både opp og ned til Fløyfjellet.

Vognene var nye i 2002 og no ser Fløibanen at dei er nøydde til å oppgradere.

– Vi jobbar med å utvide kapasiteten slik at vi kan ha mellom 120 og 125 passasjerar i kvar vogn på kvar tur, forklarer Nybø.

Vognene skal bli fem meter lengre, noko som gjer at også stasjonane må fornyast og forlengast, både nede i sentrum og på toppen 320 meter over havet.

Utbygginga på stasjonane kan starte allereie i 2019. Fløibanen er i dialog med arkitektar, og målet er å kunna gjennomføra utbyggingane i lågsesongen, slik at det kan vera drift på banen.

Anita Nybø Fløibanen

SATSAR: Fløibane-sjef Anita Nybø har travle dagar på jobb. No vil dei oppgradere og utvide banen.

Foto: Eivind A. Pettersen / NRK

Sjeldan stengt

Sidan 15. januar 1918 har Fløibanen nærast vore i kontinuerleg drift. Men det vil bli stopp når dei nye og lengre vognene skal på plass.

Sist det skjedde i 2002, var banen stengt i kring seks veker. Det er mykje som skal på plass og systema og tryggleiken må testast grundig før den kan opne for publikum.

– Vi håpar å opne nye Fløibanen for bergensarar og turistar på tampen av 2021, seier Nybø og legg til at oppgraderinga er ei betydeleg investering for Fløibanen.

Fløibanen i Bergen får nye vogner i 2002.

LØFTEJOBB: Her blir dei gamle vognene skifta ut i 2002. Då var Fløibanen heilt stengd i kring seks veker.

Foto: Stein J. Bjørge / Aftenposten

Ser fram til oppgradering

I reiselivsselskapet Fjord Noreg er dei naturleg nok nøgde med planane. Administrerande direktør Kristian Jørgensen påpeikar at Fløibanen i Bergen er den best betalte turistattraksjonen i Noreg.

– Det er ein inspirasjon for fleire at dei satsar. Å auke kapasiteten vil føre til at Fløibanen fungerer endå betre, både for lokalbefolkninga og turistane, meiner Jørgensen.

– Men er ikkje kapasiteten allereie sprengt i høgsesongen, spesielt ved nedre stasjon på Vetrlidsalmenningen?

– Det er viktig å ikkje generalisere. Det er visse dagar det sjølvsagt er mykje menneske og stort trykk, så det er viktig å gjere nokre grep i forhold til det. Men gjennom året er det stort sett ikkje slik.

– Denne oppgraderinga vil hjelpe på dei dagane med ekstra trykk og vi jobbar også for å spreie turismen over fleire månadar enn dei tre om sommaren, svarar Jørgensen.

15. januar 2018 fyller Fløibanen i Bergen 100 år.

SJÅ VIDEO: Fløibanen har frakta bergensarar og turistar til og frå Fløyfjellet i hundre år.