Hopp til innhold

Her er det nye fylkestinget

Lista over representantane i fylkestinget er no klar.

Listetoppane i Sogn og Fjordane

KLARE: Alle desse listetoppane er med i det nye fylkestinget. Frå venstre: Gunhild Berge Stang (V), Frank Willy Djuvik (Frp), Trude Brosvik (KrF), Jakob Sandal (SV), Åshild Kjelsnes (Ap), Noralv Distad (H) og Jenny Følling (Sp). I tillegg har også Stein Malkenes i Miljøpartiet dei grøne kome inn.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vallogo

Den største endringa på lista er at Tore Storehaug som var KrF sin andrekandidat, ikkje er komen inn på fylkestinget. Den unge politikaren frå Kvammen i Askvoll er skuffa.

– Det er veldig surt. Eg føler at eg har hatt ein bra valkamp og at eg har stått på for KrF sine saker. Eg gleda meg til å komme inn, men eg klarte ikkje det, så det er veldig kjedeleg, seier Storehaug.

Skuffa, men kjem tilbake

Tore Storehaug

SKUFFA: Tore Storehaug var andrekandidaten til KrF, men fekk ikkje kome inn på fylkestinget.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Etter det han har høyrt var det snakk om kring 40 stemmer som gjorde at Jon Olav Kvamme frå Oldedalen i Stryn tok den andre plassen for KrF på fylkestinget etter Trude Brosvik. Storehaug er trygg på at Kvamme vil gjere ein god jobb, men likevel hadde han håpt at det var hans namn som stod på lista.

– Ja, så klart hadde eg det. Eg stilte jo til val fordi eg håpte å få komme inn og gjere ein del av den jobben sjølv. No får eg ikkje det og då får eg heller prioritere andre ting, sånn som pappa sa då han fekk høyre det; då går det i alle fall litt betre med studiane dine, Tore, seier Tore og ler.

Framover kjem han til å engasjere seg både i KrFU og Europeiske folkeparti sitt ungdomsparti. Og det er ikkje siste gong han er å sjå i samband med kommune- og fylkespolitikk, lovar han.

Bjørlo danka ut tre partifellar

Utover at Storehaug ikkje kom inn på fylkestinget er det to endringar på lista. Alfred Bjørlo hamna som nummer to på lista til Venstre, bak Gunhild Berge Stang.

Alfred Bjørlo attvald som ordførar

OVERRASKA: Alfred Bjørlo hadde ikkje venta å kome inn på fylkestinget.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Opphavleg stod han som nummer fem på lista. Dermed dankar han ut Daniel Gangeskar, Marianne Øren og Klaus Iversen.

– Det er sjølvsagt hyggeleg og kjekt å vite at så mange har ønskt meg lenger opp på lista, men eg må seie at det kom frykteleg uventa. Inni hovudet mitt hadde eg eigentleg avskrive dette for lenge sidan, så eg er litt i ørska endå, seier Bjørlo som også held fram som ordførar i Eid.

– Viktig at folk er med og bestemmer

Han har allereie hatt begge verv i fire år og han vedgår at det er tidkrevjande. No må han sjå på om det er andre verv han kan prioritere vekk for å også få tid til familielivet.

– Var det nokon del av deg som ikkje ønskte dette?

– Ja, du kan seie at når eg nær sagt sa nei til å stå på ein topplass så var det fordi eg i utgangspunktet ønskte å sleppe andre til. Men samstundes er det ein del av folkestyret, som eg meiner er viktig, at folk skal kunne vere med og bestemme kven som sit i folkevalde organ og at det ikkje berre er partia sjølv som gjer eg det, seier Bjørlo.

Likevel er han klar for å gjere ein god jobb i fylkestinget dei neste fire åra.

Den tredje og siste endringa på listene er at Sonja Øvre-Flo klatra frå fjerde til andre plass på Høgre si fylkestingsliste. Den eldste i fylkestinget i neste periode er Stein Malkenes (1951) i MDG og den yngste er Senea Sabanovic (1990) i Ap.