Hopp til innhold

Her slår rallytjuvane til: – Eit meiningslaust tjuveri

Rallybilen kom til Noreg søndag. Natt til måndag slo tjuvane til.

Rallybil stjålet i Bergen, overvåkningskamera

TJUVAR: To tjuvar skal ha bryte seg inn i garasjen og køyrd ut bilen ved 04-tida i dag tidleg. Overvakingsbilete.

I løpet av natta er ein rallybil blitt stolen frå Damsgårdsveien i Bergen. Politiet fekk melding om tjuveriet klokka 08 i dag tidleg.

– Det var brote opp ein garasjeport, og ein løpsbil var stolen, seier operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt.

Laster Twitter-innhold

Bilen er ein eldre 90-talsmodell, og er den siste tida brukt til køyretrening. To personar skal ha vore involvert i tjuveriet. Førebels er ingen gjerningspersonar tekne.

IT-teknikar i Nordialog, Tommy Godø, oppdaga at bilen var vekke då han kom på jobb på morgonkvisten.

– Den eine tjuven gjekk ut med ein verktøykasse, og den andre køyrde bilen, fortel Godø etter å ha sett på overvakingsbilete.

Har hatt problem med tjuveri tidlegare

Det var Nordialog som hadde tilbydd eigaren parkeringsplass.

– Eigaren er ein som har køyrt litt rally som me har sponsa litt, og me hadde ein tilgjengeleg parkeringsplass, fortel Godø.

Nordialog har hatt problem med tjuveri tidlegare, men har aldri blitt fråstolen bilar før.

– Det har stort sett alltid stått bilar av den typen her oppe, og me har jo hatt innbrot tidlegare, der tjuvar har knust ruter og stole småting i bilane.

Godø fortel at dei tidlegare innbrotstjuvane tilsynelatande har vore rusmisbrukarar, men at dette truleg ikkje er tilfelle ved biltjuveriet.

– Dei som har vore inne i natt ser meir oppegåande og velkledde ut.

IT-teknikaren synest heile tjuveriet verkar suspekt.

– Du begynner jo å lura når det alltid har stått bilar her oppe, om tjuvane tidlegare har vore oppom og sett kva som har vore der. Og når bilen blir stole same natta som den kjem.

– Eit meiningslaust tjuveri

Jan Willy Nordgaard er eigar av bilen. Han forstår ingenting av tjuveriet.

– Det verkar heilt meiningslaust. Bilen har ikkje nokon verdi, har berre to sete og brukar mykje bensin.

Bilen er gamal og blir berre brukt i eit eventfirma som driv med teambygging, fortel Nordgaard. Han er sikker på at han snart får den tilbake.

– Bilen er altfor iaugefallande og har ingen høg verdi. Så den dukkar nok opp.

Skal sikra garasjen betre

Fordi Nordialog ofte har rallybilar ståande parkert hos seg, vil dei no jobba for å forhindra fleire innbrot.

– Me må sjå på om me må ha ein anna type lås på garasjeporten, og kanskje ha opp fleire overvakingskamera. Me har per i dag ikkje kamera som dekker heile inngangen til garasjen, seier Godø.

Under tjuveriet i natt har kameraet vore godt nok til å fanga opp ansiktet til tjuvane.

– Det har heldigvis vore ei god stund sidan førre innbrot, men det går litt i bølgedalar. Det er ikkje så mykje aktivitet rundt bygget på kvelds- og nattetid, så sånn sett får jo tjuvane moglegheit til å jobba i fred.