Hopp til innhold

Her bør du ikkje køyre med sommardekk

Det har lagt seg snø på fleire av fjellovergangane i Sør-Norge, og det kan gje krevjande køyreforhold. Spesielt dersom du ikkje har lagt om til vinterdekk.

Riksveg 52 Bjøberg

KVITT: På riksveg 52 ved Bjøberg, mellom Borlaug og Hemsedal, ligg det kvitt i vegbana.

Foto: Skjermdump / Statens vegvesen

– Det er varierande på fjellovergangane. Det varierer frå berr veg til slaps og snødekke, seier vakthavande ved Vegtrafikksentralen, Roger Nedberge Hille.

Meteorologisk institutt sende allereie i går ut OBS-varsel i Sør-Norge på grunn av sterk vind på kysten og vanskeleg køyreforhold til fjellet.

Onsdag er det venta sørvestleg liten storm i høgfjellet, og like før klokka 11 var det kvitt dekke på fleire av dei største fjellovergangane.

Folk lurer på om det går med sommardekk

På Vegtrafikksentralen ringjer det jamt og trutt bilistar som lurer på korleis føretilhøva er. Spesielt dei som ikkje har lagt om til vinterdekk.

– Det er alltid slik når vi er i overgangen mellom haust og vinter. Folk lurer på om det held med sommardekk når dei skal over fjella, seier Hille.

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet

SNØ: På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet ligg det slaps i vegbana.

Foto: Skjermdump / Statens vegvesen

Han er klar på sitt råd til alle som skal ut og køyre høgt til fjells.

– Vi prøver å minne dei på at dei ikkje berre skal over fjellet på tur. Dei skal ofte returnere også. Då må dei tenkje langsiktig og sko seg rett, seier Hille.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Vindkart» i nytt vindu

Vert ein del vind også i morgon

Alt i morgon kjem eit nytt lågtrykk inn over Sør-Norge, og også då vert det ein del vind.

– Dei fleste overgangane har snødekke over 1.000 meter. Så skal folk på langtur, bør dei skifte dekk. Eg ville iallfall vurdert det, seier Hille.

E16 Filefjell

SNØ OG SLAPS: E16 over Filefjell.

Foto: Skjermdump / Statens vegvesen

Det er førebels ikkje meldt om trøbbel på fjellovergangane, men det kan endre seg fort.

– Det er meldt ein del vind i ettermiddag, så vi følgjer nøye med, seier Hille.

  • Oppdatert vêrvarsel finn du her
Lom

KVITT II: Slik ser det ut på riksveg 15 i Lom.

Foto: Skjermdump / Statens vegvesen