Hopp til innhold

Gullborg (87) fekk Måløyraidet friskt i minne

MÅLØY (NRK): Møtet med Måløyraid-senteret vart ei sterk oppleving for Gullborg Holvik Toftegaard (87).

Gullborg Toftegaard

RØRT: – Der var eg då eg var liten. Saman med soldatane som går og vifter med det kvite flagget for å overgi seg. Der var eg med mine foreldre, søsken og mange andre, fortel Gullborg Holvik Toftegaard medan ho går gjennom Måløyraid-senteret.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Ei ubeskriveleg, ufatteleg kjensle. Der var eg då eg var liten. Saman med soldatane som veivar med det kvite flagget for å overgi seg. Saman med foreldra mine, syskena mine og mange andre.

– Eg blir litt rørt

Gullborg Toftegaard

OPNING: Kronprinsparet kom sjøvegen til Måløy for å opne senteret i dag. Her helste dei også på Gullborg Holvik Toftegaard.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Det fortel Gullborg Holvik Toftegaard, nærast med tårer i augo. Som førstemann fekk 87-åringen sjå bileta, filmane og utstillinga før Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette Marit opna Måløyraid-senteret i Måløy.

– Eg blir litt rørt. Eg kjenner at no er eg tilbake i det, seier Toftegaard.

Ho var berre 11 år gamal då fleire hundre allierte kommandosoldatar gjekk i land i tyskokkuperte Måløy og Sør-Vågsøy i det som var «Operation Archery» – eit massivt angrep frå land, luft og sjø.

Huset fall saman

Måløy var strategisk viktig for tyskarane. Mellom anna fordi det her vart produsert sildeolje til bruk i sprengstoff og hermetisk soldatmat.

Ute på fjorden låg krigsskipa og bombarderte tyske forsvarsverk. I lufta kjempa jagarflya.

SJÅ TV-SAKA: Her får Gullborg Måløyraidet friskt i minne. (FOTO: Ahmad Dean/NRK)

Seks timar seinare låg kring 200 soldatar døde. Byen stod i brann. Innbyggjarane var i sjokk. Toftegaard gløymer aldri 3. juledag 1941.

– Vi såg huset falle saman, midt mellom dei to tyske hotella, og kunne gå derifrå, seier ho og held fram.

Kunne ikkje vere redd

– Foreldra mine gav kvarandre ein klem, og alle var gode mot kvarandre før vi klatra over ein stor steingard ute ved kyrkja. Så gjekk vi nedover den grufulle staden, der tyskarane låg halvdaude og brannskadde tyskarar som pintens. Det var uhyggeleg.

– Var du ikkje redd?

– Nei, eg var ikkje så redd. Vi måtte vere i noet, og gjere det foreldra sa. Å vere redd var det same som å misse fokus.

– Viktig historie

Kontrasten til opningsdagen for Måløyraid-senteret kunne ikkje vore større. Rett nok var militæret representerte også i dag, men gatene var også fulle av glade born og unge. Og flagga vart heisa til topps.

Inn fjorden kom også Kongeskipet med kronprinsparet.

– Måløyraidet er ein viktig del av norsk historie. Det er viktig at historia blir halden i live når dei som opplevde det ikkje lenger kan fortelje den, seier Kronprins Haakon.

– Historie på sitt aller beste

Gullborg Toftegaard

MINNE: Gullborg Holvik Toftegaard fekk 3. juledag 1941 friskt i minne under opninga av Måløyraid-senteret.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Det er å formidle denne historia at senteret skal gjere. Med bilete, filmar og gjenstandar frå slaget i Måløy.

– Dette er norsk historie frå krigens dagar på sitt aller beste. Eg måtte ta nokre steg tilbake, seier Toftegaard som tok turen til Måløy med både son og svigerdotter.

– Her kan alle, sjølv om ein ikkje har vore med på det, oppleve det som om ein les ein uhyre spennande roman, eller ser ein ufatteleg god film, avsluttar ho.