Hopp til innhold

Henrik Furebotn med hofteskade

– Eg går som ein 90-åring, seier Henrik Furebotn etter generalprøva mot Løv-Ham.

Henrik Furebotn

SKADD: Henrik Furebotn fekk seg ein kraftig smell i treningskampen mot Løv-Ham.

Foto: Arve Uglum / NRK

Sogndal Fotball møtte Løv-Ham på bortebane laurdag, men kampen vart ikkje lang for årdølen Henrik Furebotn. Etter berre eitt minutt vart han takla, og måtte forlate bana.

Dramatisk

Til Bergens Tidende seier Furebotn at han skulle motta ballen då Løv-Ham-spelar Jean Alassane Mendy kom dundrande inn i han.

Ifølgje avisa såg situasjonen dramatisk ut sidan Furebotn vart liggjande og vri seg i smerte. Det var ikkje frispark til sogndølene, noko som fekk Sogndal-trenar Harald Aabrekk til å rase.

Sogndal vann kampen 2-0, og er klare for seriestart i Tippeligaen neste helg.

Slit med skader

Sogndal har den siste tida slitt med ein del skadde spelarar. Skadeplaga Espen Næss Lund vart sett på bana i andre omgang, og fekk dermed prøve seg i den viktige generalprøva.

Furebotn er truleg tilbake på trening om nokre dagar.

– Eg klarer ikkje reise meg skikkeleg og eg går som ein 90-åring, sa han til Bergens Tidende laurdag kveld.

Henrik Furebotn på krykker etter kampen mot Sandefjord

PÅ KRYKKER: Henrik Furebotn vart også skadd i kampen mot Sandefjord i januar.

Foto: Arve Uglum / NRK