Han støttar dermed den avgåtte Helse Førde-direktøren Leif Kapstad, som tidlegare i veka kritiserte helsereforma.
- Det har ikkje skjedd den opptrappinga av psykiatrien som har vore politisk ønskjeleg, seier han.
Motsett av målsettinga
Stortinget har vedteke ei styrking av psykiatrien i Norge. Men stykkprisfinansieringa av norske sjukehus, som vart forsterka med helsereforma frå 2002, har ført til at psykiatrien har tapt kampen om pengane. Det hevdar professor i helsepolitikk ved Universitetet i Oslo, Terje Hagen. Hagen leier arbeidet med ei omfattande evaluering av helsereforma. Dei første resultata føreligg til sommaren, men allereie no kan han seie at psykiatrien har vorte mindre styrka enn det Stortinget har varsla. - Det har vore ein sterkare vekst i somatisk sektor, sjølv om det er det motsette som har vore målsettinga, seier han.
Støttar Kapstad
Terje Hagen viser til at opptrappingsplanen for psykiatri har blitt skubba ut i tid. Det betyr at psykiatrien får mindre pengar i år og neste år i forhold til det regjeringa og Stortinget hadde varsla. Professoren får støtte frå avgåtte direktøren i Helse Førde, Leif Kapstad. Kapstad sa på tysdag at konkurranseutsetjinga av helsetenester har fått uheldige følgjer for mange ressurskrevjande pasientgrupper. - Dei som skrik høgast får dessverre mest, seier han.