Det seier administrerande direktør Herlof Nilsen. Helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen har i dag sagt nei til at Helse Vest skal få busjettere med underskot. Dette er innsparingar vi må finne på regionnivå seier Nilsen.
Budsjettsprekk
På styretmøtet tidligare denne veka vedtok Helse Vest budsjettet på 11,7 milliardar kroner, noko som betyr eit underskot på 186 millionar kroner. Styret gav også Helse Førde eit ekstra år på å kome i økonomisk balanse.
Helseministeren seier nei
I dag seier helseministeren nei til å budsjettere med underskot. Men sjølv om Nilsen ikkje kan gi noko hundre prosent garanti, meiner han det er lite truleg at dei må gå tilbake på lovanden til Helse Førde.