Direktør Jon Bolstad i Helse Førde må vente med endringar. Arkivfoto Steinar Lote NRK
I januar fekk Helse Vest i oppgåve å skrive ein rapport der dei skulle forklare omleggingane som er gjort i sjukehusdrifta.
Langt frå nøgde
Helse Førde har innført ei stor organisatorisk eining, og det er gjort endringar ved drifta både i Nordfjord og Lærdal. Og i haust vart det blant anna vedteke at meir av den kirurgiske verksemda skal flyttast til Førde. No har direktoratet lese rapporten som Helse Vest har lagt fram, og dei er langt frå nøgde. Konklusjonen deira er at rapporten ikkje svarar på om Helse Førde ivaretek eit fagleg forsvarleg og kvalitativt tenestetilbod. I klartekst vil det seie at direktoratet ikkje kan gå god for at Helse Førde styrer sjukehusdrifta godt nok.
Store konsekvensar
No har Sosial- og helsedirektoratet sendt brev til departementet der dei seier at endringane som er vedtekne i Helse Førde kan ha så store samfunnsmessige konsekvensar at departementet bør sjå planane før dei vert sette i gang.