Helse Førde går til gul beredskap

Helse Førde går frå grøn til gul beredskap etter auka pågang av pasientar med covid-19. Det er for tida fire pasientar med korona på sjukehuset, og to av dei ligg på intensivavdelinga. I tillegg er det høgt sjukefråvær blant tilsette, melder Helse Førde i ei pressemelding. Talet på operasjonar blir tekne ned den neste veka.