Hopp til innhold

Helikopterulykka: Kvinne i 60-åra mista livet

Det var ei kvinne i 60-åra som mista livet i helikopterulykka vest for Sotra i går kveld. Kvinna jobba som sjukepleiar i Equinor. Det seier Equinor-sjef Anders Opedal til NTB.

Seks personar vart redda opp frå sjøen og frakta til Haukeland universitetssjukehus etter at helikopteret dei var i styrta. Kvinna døyde, medan fem personar framleis innlagde med ulik skadegrad.

Dei fem skadde er tilsette i Bristow.

Politiet jobbar med å innhenta informasjon og å belysa kva som har skjedd. Dei vil ta avhøyr av personane som var om bord på helikopteret i dag.

Politiet har dialog med Havarikommisjonen som har ansvar for vraket og søkjer etter dette.

Bergen 20240229. Flagget på halv stang utenfor Equinor på Flesland.

Kvinne i 60-årene omkom i helikopterstyrt: – Vi har mistet en kjær kollega

Fem menn er skadet og en kvinne er død etter helikopterstyrten utenfor Sotra. En tydelig preget konsernsjef i Equinor møtte pressen ved pårørendesenteret i Bergen.