Hopp til innhold

To polske vogntog sperra E16

Fleire vogntog har fått trøbbel langs vegane måndag ettermiddag. På E16 ved Gram blokkerer to polske vogntog vegen.

- E16 er midlertidig stengt på grunn av to polske vogntog som har fått problem, seier operasjonsleiar Einar Veriede ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK ved 16-tida.

Stengt for bilberging

Politiet har reist ut til staden for å finne ut meir om kva som har skjedd og om det er nødvendig med bilberging.

- Vi må vurdere situasjonen. Vi vil og sjå om det er grunnlag for til dømes bøtelegging i forhold til korleis vogntoga er skodd, seier Vereide.

Ved 17-tida får NRK opplyst frå Vegtrafikksentralen at det skal vere passering på staden. Det er venta at vegen skal vere opna for fri ferdsel om ikkje lenge.

Problem på riksveg 5

Politiet har også folk på veg til Lundebakkane i Kjøsnesfjorden. Riksveg 5 er ikkje stengt på staden, men eit vogntog frå Litauen har fått problem.

- Her skal det vere passering, seier Vereide.

E39 ved Sande

Det er også kome melding om at eit vogntog har fått trøbbel ved Økslandsvatnet ved E39. Politiet har vore på staden, men frå før klokka 18 skal trafikken ha gått som normalt her.