Hopp til innhold

Seier nei til gruvedrift

Fornyingsministeren syklar framfor å køyre bil. Ho vil heller ikkje ha gruvedrift i Førdefjorden.

Heidi Grande Røys
Foto: Helge Carlsen / NRK

Vi har spurt toppkandidatane kva dei meiner om nokre aktuelle problemstilingar for Sogn og Fjordane.

Høyr portrettet med Heidi Grande Røys

1. Kor aktuelt meiner du det er å bruke bompengar for å betale for samferdsleprosjekt?

– Vi er ikkje prinsipielt imot bompengar, men vi må vurdere det frå sak til sak.

2. Kva meiner du bør skje med den planlagde 420 kV kraftlinja tvers gjennom fylket?

– SV meiner at ein skal ta seg råd til å bruke den mest framtidsretta teknologien som er tilgjengeleg, dvs at den bør kablast i sjø.

3. Kva vil du gjere for få slutt på fråflyttinga frå fylket?

– Skape nye og spennande arbeidsplassar, slik eg har gjort med t.d. DIFI Leikanger som har gitt 35 fleire kompetansearbeidsplassar, oppretthalde og vidareutvikle velferdstilbodet og ta vare på natur og miljø!

4. Kva meiner du må gjerast for at Helse Førde skal kome ut av dei økonomisk problema?

– I lys av samhandlingsreforma må ein gå igjennom all sjukehuspolitikk og sjå på kven som skal gjere kva, og kva styringssystem ein skal ha. I tillegg må ein fortsetje utjamninga av ulikskap i løyvingane mellom helseføretaka.

5. Kva er det viktigaste du som politikar vil gjere lokalt for miljøet?

– Privat: Sykle framfor å køyre bil, spare straum, resirkulere avfall. Elles: gå imot Engebøprosjektet, kable 420 kV-linja i sjø og sikre at vi ikkje ukritisk legg kvart eit rennande vatn i rør. Det vil altså sei at vi må bruke "føre var"-prinsippet for dei store inngrepa vi skal gjere i naturen vår.

Litt meir personleg:

1. Kva har vore avgjerande for partivalet DITT?

– Urettferdig studiefinansiering og ei storesyster som var aktiv i SV.

2. Kva sak er den viktigaste for DEG å kjempe for dei neste fire åra?

– Stoppe auka utslepp av klimagassar og føre ein klimapolitikk som hindrar global oppvarming.

3. Kva er viktigast for deg i valet av politiske samarbeidspartnarar?

– At ein har felles verdi- og ideologisk ståstad.

4. Kva parti vil du helst samarbeide med på Stortinget?

– Ap og Sp

5. Kva parti vil du samarbeide minst med?

– Kan ikkje sjå at SV og FrP har mykje felles politikk.

Høyr også portrettet med andrekandidaten Trond Aarre