Hopp til innhold

Hauststorm i nord og sommar i sør – no blir landet delt i to

Medan nordlendingane bør sikre hagemøblane mot stormen som er i anmarsj, kan resten av landet hente fram solkremen.

Seløya i vind.

HAUSTSTORM: Tysdag blir det store kontrastar i Noreg. Hauststorm i nord og sommar i sør. Her frå Seløya i Nordland.

Foto: Liv Fagervik / Leserbilde

Trampolinar og utemøblar kjem til å stå utrygt i Troms og Finnmark det neste døgnet.

Eit stormsenter som ligg ute i Norskehavet vil føre til kraftig vind.

Det er sendt ut farevarsel på gult nivå som gjeld frå natt til tysdag og eit døgn fram i tid.

Vakthavande meteorolog Martin Granerød i Meteorologisk institutt seier det kan vere lurt å hente inn lause gjenstandar.

– Det kan fort kome ein del trefall også, seier han.

Store kontrastar

Situasjonen i resten av landet er ganske annleis.

Eit høgtrykk over Sverige syter nemleg for ganske fint vêr tysdag i resten av Noreg.

Temperaturane vil mange stader kome opp i kring 24 grader.

– Kontrastane blir ganske store i morgon. I nord får vi den første hauststormen, men det blir ganske bra i sør, seier Granerød.

Austlandet og Sørlandet kan vente seg 25 grader onsdag. Om det ikkje blir sol frå ein skyfri himmel og skiftande skydekke, blir det altså god sommartemperatur.

IZRPjh

Det blir sommarvarme på Austlandet og Sørlandet denne veka. Her kan dei vente seg deilige temperaturar på rundt 25 grader.

Foto: Javad Parsa / NTB

Miks av sol og regn

Fullt så varmt blir det ikkje i vest. Vestlendingane får samstundes ein særs våt torsdag.

Resten av veka blir det ei salig blanding av regn og sol, medan temperaturane vil ligge kring 16 grader.

Også sørlendingane vil få mykje av det same vêret som i vest desse dagane. Årsaka er nedbørsfrontar frå Nordsjøen som nærmar seg.

gZxOX7AmRr8

Vestlendingane får ein miks av sol og regn. Torsdag blir den våtaste dagen.

Foto: Emil Weatherhead Breistein / NTB

Solen kjem att

Midt-Noreg med Trøndelag i spissen kan glede seg over at sola blir verande til og med torsdag kveld.

Då kjem fronten frå Vestlandet oppover og fører til at det også her blir ein miks av sol og regn. Også Nordland og Helgeland kan vente seg same det same.

Heldigvis for dei nordlegaste fylka våre er det ingen grunn til å stue vekk hagemøblane for godt. Sjølv om natta og morgondagen blir heftig, betrar det seg onsdag og torsdag. Då kan det bli lange periodar med sol og opp mot 18 grader.

Inn mot helga blir det derimot litt meir skyer på himmelen att, seier Granerød.