Hopp til innhold

Fleirtal mot Hordfast

Eit fleirtal på ti i fylkesutvalet stemte i føremiddag for eit forslag som inneber at E16/jernbane Arna-Voss er det viktigaste samferdsleprosjektet i Vestland fylke dei neste tolv åra. Mindretalet H og Frp stemte for å prioritera Hordfast på E39. 12. mai skal fylkestinget gi sitt endelege forslag til prioritering i ny nasjonal transportplan for åra 2022-2033. Dette er første gong eit fylkespolitisk fleirtal ikkje har sagt ja til begge prosjekta.