Hopp til innhold

Har to månader på seg til å skaffe 20 millionar

Grendelaget i Eikefjord ynskjer å bygge fleirbrukshall i staden for gymsal i tilknyting til den nye skulen i bygda.

Brigt Samdal

VIL HA FLEIRBRUKSHALL: Nyvald leiar i Eikefjord Grendelag, Brigt Samdal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Skal dei få det til må dei skaffe 20 millionar kroner i løpet av dei neste to månadane.

– Vi har det travelt Skanska som skal bygge skulen vil nok sette spaden i jorde rette etter påske. Det betyr at vi svært raskt må finne ut om det lar seg gjere å finansiere opp dette, seier Brigt Samdal som er nyvald leiar i grendelaget i Eikefjord.

I desember bestemte bystyret i Flora å bygge ny skule med tilhøyrande gymsal. Kostnadsramma var på 100 millionar kroner Det var ei avgjerd som bygda hadde venta lenge på.

– I tilbodet frå Skanska så ligg det og ein opsjon på å bygge ein fleirbrukshall.

– Så det ynskjer no å bygge større enn det kommunen i utgangspunktet fann ut dei hadde råd til, nemleg ein gymsal, de vil ha fleirbrukshall?

– Det er i alle fall ei samstemt bygd som ynskjer å sjå på moglegheitene for å finansierer opp det mellomliggande mellom ein gymsal og ein fleirbrukshall.

Samspelsfase

Kommunen, bygda og entreprenøren Skanska går no inn i ein såkalla samspelfase for å diskutere prosjektet nærare. Der håpar Samdal at det skal vere råd å finne rom til ein fleirbrukshall.

– Vi meiner det vil vere framtidsretta, når vi no først bygger. Ein fleirbrukshall er både meir tenlege til dei aktivitetane som går føre seg, og gjer det også mogleg å arrangere større ting.

Dei førebelse kalkylane til grendelaget syner eit investeringsbehov på 30 millionar kroner. 10 millionar håpar dei å få som tippemidlar. Dei resterande 20 millionane må det fri til gode krefter for å få.

– Det er mykje pengar. Vi må no sette oss ned, alle gode krefter, og sjå korleis vi kan bryte ned dette talet i forhold til kven som kan vere med på finansieringssida.

Må halde seg innfor ramma

Bengt Solheim Olsen

MÅ HALDE RAMMA: Ordførar Bengt Solheim-OLsen (H).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I Flora kommune ynskjer ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) først og fremst å sjå kva dei kan få til innanfor ramma på 100 millionar kroner.

– Det vil nok sitte langt inne å skulle finne svært mykje ut over ramma.

Solheim-Olsen understrekar at dei no skal inn ein samspelfase, der ein vil undersøke om det finst fleksible løysingar.

– Vi ynskjer alle å få til ein så fin skule som mogleg innanfor dei rammene som bystyret har bestemt. Så får vi eventuelt sjå om det er mogleg å utvide rammene noko.

I Eikefjord er Samdal optimist.

– Eg trur det blir fleirbrukshall.