Hopp til innhold

Har starta søk etter person i sjøen

Naudetatane har rykka ut til Søreidgrend i Bergen, etter å ha fått melding om ein person som kan ha problem i sjøen, melder 110 Vest. Meldinga kom inn til politiet 15.55.

– Det var ei avstandsmelding. Innringaren såg mogelegens ein person i vatnet. Me har sendt ut store styrkar, seier vaktkommandør Sigurd Handeland ved 110-sentralen.

Dykkarar og overflatereddarar frå brannvesenet er på staden. Fleire båtar deltar og i aksjonen. Søk med dykkar starta 16.24.

– Det er ikkje avklart enno, seier Handeland 16.55.

Politiet melder at det er søkt i ein større radius rundt observasjonsstaden, utan at nokon er funne eller komne i kontakt med. I tillegg er det søkt under ei flytebrygge.

– Redningsmannskapet er i ferd med å avslutta aksjonen, melder politiet på Twitter 17.01.

– Søket vart avslutta 17.25 utan funn. Det vart konkludert med at dette truleg var ei misforståing, seier Handeland.

Redningsaksjon Søreide
Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK