Hopp til innhold

Har lagt inn bod på estisk spelar

Sogndal har lagt inn eit bod på den estiske spelaren Taio Teniste (23).

Trond Fylling

ØNSKJER ESTISK SPELAR: Sportssjef Trond Fylling har lagt inn eit bod på Taio Teniste ut sesongen.

Foto: Scanpix

Han har vore på prøvespeling i klubben og no ønskjer Sogndal å behalde han. I første omgang er det snakk om å leige han ut sesongen.

Sportssjef i Sogndal, Trond Fylling, håper å få svar frå klubben hans Flora Levadia i kveld eller i morgon tidleg.

– Vi ønskjer å behalde han, og har lagt inn ein sum for å leige han ut sesongen. Det kan også bli aktuelt med kjøp, fordi kontrakten hans går ut når denne sesongen er over.

Rask og teknisk

Styrken til Teniste er at han spelar både høgre og venstre back. I tillegg er han rask og godt teknisk.

– Vi treng å forsterke laget vårt no. I vår var vi plaga av ein del skader, og eg er sikker på at vi hadde hatt meir poeng dersom vi hadde eit fleire spelarar å bruke.

Ikkje for einkvar pris

Han vil ikkje seie noko om summen dei har tilbydd for Teniste, men seier dei har gått så høgt dei kan.

– Vil vil gjerne behalde han, men ikkje for kvar ein pris.

– Har de andre spelarar i kikkerten før overgangsvindauget stengjer onsdag?

– Nei, det har vi ikkje, seier Fylling.