LES OGSÅ:
43 personar er til no evakuerte frå fleire område i Stryn og Eid.
– E39 er stengd ved Lote på grunn av vatn og massar som er komme ned. Her er entreprenør på gang med oppryddingsarbeid, opplyser vaktoperatør Morten Hansen ved Vegtrafikksentralen i Bergen.
Anda - Lote innstillt
Som følgje av problema på Lote er ferjesambandet Anda - Lote mellombels innstilt.
Oppdatert klokka 14.20: Det er venta at ferjesambandet Anda - Lote frå klokka 15.00 skal trafikkere fjorden som normalt.
– Ferja ligg i beredskap på Lote etter oppmoding frå politiet, men vi reknar med at stenginga ikkje blir langvarig, opplyser vakthavande hos Fjord1 Fylkesbaatane i Florø.
Det vert altså ikkje sett inn kriserute mellom Anda og Stårheim. Bilistar må dermed nytte fylkesveg 60 Olden - Stryn som omkøyring.
JØLSTER: Slik ser E39 ut ved Bjørset mellom Ålhus og Årdal måndag føremiddag.
Foto: Silje Guddal / NRKFlaumer over E39 i Jølster
Det er også problem på E39 mellom Ålhus og Årdal i Jølster. Her har ei elv gått over sine breidder og berre eitt køyrefelt er ope. Mannskap er kalla med gravemaskin for å få leia vatnet bort frå europavegen.
Over store deler av fylket samlar vatnet seg i djupe hjulspor på vegane.
– Det er enorme menger vatn i vegbana. Bilistar må avpasse farten for å unngå vassplaning, seier NRK-reporter Silje Guddal etter å ha køyrt strekninga Førde - Innvik.
– I Utvik spruta vatnet frå elva over brua i den nedste svingen når ein kom køyrande ned frå Utvikfjellet, fortel Guddal.
UTVIK: Bilane kjem seg så vidt over brua på fylkesveg 60.
Foto: Silje Guddal / NRKTo av tre stengde
Det er førebels uvisst når stamvegen gjennom Nordfjord kan opne att.
– Vi avventar nye tilbakemeldingar frå entreprenøren på staden om kor omfattande dette er, seier Hansen.
– I tillegg er det stengt på fylkesveg 613 som går langs fjorden mellom Eid og Stryn, mellom Tvinnereim og Blakesvingen. Også der er det vatn og stein som er komme ned.
Fv. 613 blir ikkje opna att måndag. Den tredje hovudvegen gjennom Eid, riksveg 15 Måløy - Stryn er open for fri ferdsle.
(Artikkelen held fram under biletet.)
EID: Vegen ned mot ferjekaia på Lote.
Foto: Ranveig Årskog– Køyr rundt
Hansen rår bilistar om å nytte omkøyring via fylkesveg 60 Stryn - Byrkjelo dersom ein skal sørover frå eller nordover til Nordfjord.
På sørsida av Nordfjorden har fylkesveg 700 mellom Sandane og Andenes stengd.
– Her har det gått eit jordras ved Apalseth. Så vatnet har skapt ein del problem i morgontimane, fastslår Hansen hos Vegtrafikksentralen.
Fylkesveg 700 vart opna att litt før klokka 10 måndag morgon.
Fv. 55 stengd i Sogn
Også på fylkesveg 55 mellom Balestrand og Høyanger skaper vatn problem ved Kvamsøy og Nessane. Like før klokka 10 vart vegen stengd grunna flaum.
Straumbrot i Stryn
Straumen har vore vekke i store delar av Stryn kommune natt til i dag. Framleis er dei straumlause i deler av Stryn sentrum, Innvik, Utvik og bygdene på Nordsida.
I følgje vakthavande i Stryn Energi, Magnar Breidablikk, kan det ta tid før straumen er attende i heile kommunen. Dei arbeider no på spreng for å finne feilen.
Meir nedbør i vente
Og meteorologane varslar meir regn.
– Det har komme ein del nedbør i natt og det vil halde fram utover dagen med regnbyger og skyer. Det blir ein grå dag i dag, seier statsmeteorolog Mariann Foss ved Vêrvarslinga på Vestlandet.
Nedbørsmengden vil variere rundt om i fylket.
– Det meste av nedbøren held seg i midtre strok og i nord. Men stort sett heile fylket får nedbør i dag. Vi kan på det meste vente 10-20 mm i løpet av 24 timar, opplyser Foss.
(Artikkelen held fram under biletet.)
STRYN: Fylkesveg 613 Stryn - Blakset, om lag 1 km frå Stryn.
Foto: Vegar Erstad / NRK...men lysning i sikte
Regnet skal helde fram til utpå tysdagen, men tysdag ettermiddag er det venta at det skal klarne opp og sola kan gløtte fram.
– Onsdag er det i alle fall ei betring i sikte. Då blir det stort sett pent vêr, seier Foss.