– Politiet har gått igjennom datamaterialet. På grunn av det må den sikta avhøyrast på nytt.
Det fortel regionlensmann i Sunnfjord, Dag Fiske. For eit par veker sidan vart ein mann i 30-åra pågripen i Sunnfjord, sikta for å ha overgrepsbilete av born.
- Les også:
No fortel Fiske at dei ikkje har funne noko som tydar på at mannen har produsert bileta sjølv.
– Vi har ingen indikasjonar på at det skal vere noko eigenprodusert materiale i saka.
No skal politiet ta opp att avhøyra av den sikta.
– Vi har ikkje hatt nye avhøyr sidan han vart pågripen, men han vil bli konfrontert med dei funna vi har gjort, fortel Fiske.
Sidan mannen jobbar i ein barnehage, vart foreldra og dei tilsette ved den aktuelle barnehagen raskt fortalt om saka.
- Les også:
Fiske fortel at dei kom over den mistenkte etter at Kripos tipsa dei om saka.
– Kripos følgjer med på nettet, og kom såleis over spora som gjorde at sikta vart pågripen. Per dags dato tyder ingenting på at han er medlem av eit større nettverk
– No står att det å ta eit avhøyr av sikta, og i tillegg skal vi ha nokre vitneavhøyr, seier Fiske.