Hopp til innhold

Foreldre og tilsette i sjokk etter overgrepsfengsling

Foreldre og tilsette er i sjokk etter at ein mannleg tilsett i ein barnehage i Sunnfjord i dag blei fengsla i fire veker, sikta for oppbevaring av overgrepsbilete mot born.

Fjordane tingrett 6

FENGSLA: Mannen i 30-åra er fengsla i ein månad framover med brev- og besøksforbod.

Foto: Arne Stubhaug / NRk

– Vi har alle opplevd dette som noko heilt uventa, og som eit sjokk, fortel kommunalsjefen for skule og barnehage i den aktuelle Sunnfjord-kommunen til NRK.

Mannen i 30-åra blei pågripen i sin eigen heim tysdag morgon, og framstilt for fengsling i Fjordane tingrett torsdag.

– Vedkommande blei pågripen i heimen sin tysdag morgon, og vi gjorde beslag i ulike lagringsmedium. Vedkommande er avhøyrt, og han er villig til å forklare seg. Han har delvis vedgått straffskuld for oppbevaring av materialet, fortel regionlensmann i Sunnfjord, Dag Fiske.

Har hatt foreldremøte

NRK har vore i kontakt med styraren i barnehagen mannen jobbar, som syner vidare til kommunalsjefen for skule og barnehage. Vedkomande fortel til NRK at både tilsette i barnehagen og foreldra blei orientert om situasjonen på møter i løpet av torsdagen.

– Dette er berre tragisk for alle partar. Vi opplevde at både dei tilsette og foreldra var glad for at vi valde å orientere om situasjonen, saman med politiet. Men det kom som eit sjokk på alle, slår kommunalsjefen fast.

Kripos varsla om mistanke

Det skal ikkje vere mistanke om at mannen skal ha utført overgrep på born, og siktinga går på at han skal ha lasta ned seksualiserte bilete av born. Kva omfang det er på materialet vil politiet førebels ikkje seie noko om.

Det var Kripos som varsla lokalt politi om mistanken mot mannen. Saka skal ikkje vere ein del av ei større opprulling av noko overgrepsmiljø.

– Men uansett er dette eit skrekkscenario for oss som kommune. Vi er opptekne no av å ta vare på foreldre og tilsette i barnehagen der mannen er tilsett, seier kommunalsjefen.

Har etablert kriseteam

Kommunen har sett det lokale kriseteamet i beredskap, og tilsette og foreldre har fått tilbod om å få snakke med profesjonelle om det som har kome fram så langt.

– Eg har aldri tidlegare vore borti liknande saker i mi tid i skuleverket, seier den svært erfarne kommunalsjefen til NRK.

Fleire av mannen sine kolleger er alt avhøyrde av politiet, og det er venta at det blir gjort ei rekkje avhøyr i saka framover.

Mannen sin forsvarar, Ivar Hauge, vil førebels ikkje kommentere saka.