Hopp til innhold

Har éin beskjed til andre unge etter tenåringssonen sitt sjølvmord

Hilde K. Kvalvaag gjekk nesten til grunne då sonen tok livet sitt. No gir ho ut boka familien ikkje ville at ho skulle skriva – med ein beskjed til unge som slit.

Forfatter Hilde K Kvalvaag gir ut bok om sin sønns selvmord

TRE ÅR: 4. juni var det tre år sidan 19 år gamle Victor gjekk inn i skogen. No har den tunge tida i avgrunnen blitt roman.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Eg vil at han skal bli hugsa for noko anna enn den ettermiddagen. Det er lett at du blir redusert til «å ja, det var han som tok livet sitt», men eg ville visa mange sider ved han. Visa han som eit heilt menneske, eit menneske bak talet, seier forfattar Hilde Kristine Kvalvaag.

Det var ein varm junidag i 2018 då Victor valde å gå inn i skogen, som forfattaren skildrar det i romanen Djuphavsslettene.

– Dette er ikkje ei bok om sjølvmord, men ei bok om kjærleik, seier Kvalvaag til NRK, på dagen tre år etter 19-åringen valde å gå ut av tida.

To sjølvmord per dag

674 menneske tok livet sitt i Noreg det året. Det blir nesten to personar kvar dag. Ikkje sidan 2001 hadde FHI registrert eit så høgt tal som i 2018.

I denne statistikken står namnet til Victor.

Dei siste vekene av livet hans visste familien at Victor sleit med sjølvmordstankar. Hilde gjorde alt som stod i hennar makt for å hjelpa han, og sonen kom for første gong til psykolog.

Samstundes var det mykje positivitet i livet hans. Ein dag kom han lukkeleg heim etter å ha kjøpt ny dress.

– Same dag som han døydde hadde han vore til legen. Han sa «det går opp og ned, men det går eigentleg betre». Eg ser det på mange måtar som ei ulukke. Det var eit samanfall av uheldige omstende, og at det er farleg å vera ung.

Hilde K Kvalvaag

BØN TIL UNGE: – Eg håpar at nokon unge menneske les det og skjønar kor viktige dei er. At dei lèt etter seg eit vanvitig krater viss dei tek livet sitt.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ei bok om kjærleik

Djuphavsslettene skildrar ei mor i veldig djup sorg og fortel på sjølvbiografisk vis den vonde ferda om ein familie som rasar i botnlaus sorg når nokon tek sitt eige liv.

Men det har mest blitt ein roman om kjærleik. Om sonen Victor. Det er ei bok mora Hilde følte at ho måtte skriva.

– Eg tenker at litteraturen er ein stad der eg framleis kan vera i lag med han.

I dag har ho tre barn. Den yngste sonen er sju, og var fire år då storebror blei borte for godt.

– På mange måtar er romanen til veslebror. Eg har skrive ned eit slags portrett av broren som han kan lesa når han blir gamal. At han kan sjå kor vittig Victor var, og kva forhold Victor hadde til han. Det er ikkje sikkert han hugsar han.

– Og så har eg skrive det for meg sjølv. For å kunne overleva.

– Håpar unge les og skjønar kor viktige dei er

Då ho lanserte ideen om å skriva om det såraste og vondaste, sa familien tvert nei. Det var det himmelropande spørsmålet «kvifor?» ho måtte oppsøka.

Ei rekke studium finn høgare førekomst av posttraumatiske stressreaksjonar, forlenga sorg, depresjon, angst og sjølvmordstankar og/eller -forsøk hos etterlatne etter sjølvmord.

Reknar ein 10 etterlatne per sjølvmord så vil 5000–6000 nye etterlatne bli råka i Noreg kvart år, ifølge FHI.

Etter eit år med overtyding, snudde mannen og barna.

Skrivinga opna eit univers der ho følte ho igjen kunne vera nær sonen sin. Og gjorde ho viss på at ho håpte det kunne hjelpa andre.

– Eg håpar at nokon unge menneske les det og skjønar kor viktige dei er. At dei lèt etter seg eit vanvitig krater viss dei tek livet sitt.

Dette er den sjette romanen til Kvalvaag. Boka blir given ut denne veka.

Aldri tidlegare har det betydd meir for den Bragepris-vinnande forfattaren korleis ei bok blir motteken.

– Eg er kjempespent på det.